Språket kan røktast utanfor Oslo, Grepstad!

Publisert:26. juni 2017Oppdatert:26. juni 2017, 15:22
Universitetet i Bergen har tatt over språksamlingane, etter Universitetet i Oslo. Her tek Rune Kyrkjebø og Johan Myking mot dei, etter trailertransport frå Oslo.

Det er oppsiktsvekkande at nynorsknestoren Grepstad meiner at Språkrådet ikkje kan leve godt utanfor hovudstaden.

Eg les med undring direktøren ved Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, sine tankar om kvifor Språkrådet ikkje kan halde til andre stadar enn i hovudstaden. Regjeringa vurderer som kjent å flytte fleire statlege organ ut frå Oslo. Språkrådet er eitt av desse, og Bergen er høgaktuell som vertsby.

Som då Konkurransetilsynet ein gong blei flytta frå Oslo til Bergen og Sjøfartsdirektoratet til Haugesund, så manglar det ikkje på åtvaringar om kor ille det kan gå med Noreg om hovudstaden ikkje lenger skal huse eit forvaltningsorgan eller to. At folk i Oslo meiner at det ikkje finst intelligent liv utanfor ytre ringvegane inst i Oslofjorden, får så gå. Dei kjemper i det minste for eigne arbeidsplassar.

Meir underleg er det når den tidlegare styreleiaren i Språkrådet, Ottar Grepstad, frå sitt utkikspunkt ved Ivar Aasen-tunet i Volda hevdar at Bergen har meir enn nok å halde styr på og difor ikkje er hendt til å vere vert for rådet. At han ikkje har tru på at det går an å forvalte og utvikle norsk språkpolitikk utanfor aksen Volda – Oslo, er oppsiktsvekkande. Det minner meg på den gamle sanninga om kor lett prinsippa fell når striden handlar om eiga grend og venelag. Standpunktet får han stå for sjølv, men argumentasjonen han brukar reagerer eg som rektor ved Universitetet i Bergen (UiB) sterkt på.

Grepstad uttalar seg nemleg skråsikkert om at det er «teikn» på at Bergen ikkje har lukkast med å ta seg av Språksamlingane. Det er både urimeleg og uforståeleg at Grepstad her brukar UiBs initiativ og rolle for å ta vare på vårt viktigast hjelpemiddel til å utvikle det norske språket, Språksamlingane, som argumentasjon for at Språkrådet ikkje bør ligge i Bergen. Eg meiner tvert i mot!

For dei uinnvigde er Språksamlingane sett saman av ordboksverka for gammalnorsk, bokmål og nynorsk, namnearkiva og Målførearkivet. Dei er slik eit vesentleg grunnlag for Bokmålsordboka og Nynorskordboka, Norsk ordbank, matrikkelutkastet frå 1950, Norske Gaardnavne og Norsk Ordbok 2014. Desse er fulldigitale, sentrale publikumstenester for norsk språk, og fundamentale for å halde liv i norsk språk og kultur.

Universitetet i Oslo (UiO) fekk ansvaret for Språksamlingane på 1970-talet, men i 2014 sa dei tydeleg frå at dei ikkje lenger ønskte det. Etter ei tid med drøftingar mellom Kunnskapsdepartementet, UiO og UiB vart det klar at den beste løysinga var å flytte samlingane til Bergen og UiB.

UiB driftar no til dømes Bokmålsordboka og Nynorskordboka på nett, og samarbeider elles godt med Høgskulen i Volda om å utvikle samlingane.

Sidan 2015 har UiB flytta 16 trailerlass med om lag 70 tonn papirmateriale over fjellet frå Oslo. Universitetsbiblioteket vårt har laga eit arkivfagleg forsvarleg opplegg for permanent lagring, medrekna utrydding av importerte skadedyr i nokså stort omfang. Det er laga ein samarbeidsavtale med Språkrådet om drift og utvikling av dei to ordbøkene Bokmålsordboka og Nynorskordboka, og det er tilsett ein redaktør i full fast stilling frå sommaren 2017. Den første mobil-applikasjonen («appen») for Bokmålsordboka og Nynorskordboka blir klar i august.

I skrivande stund er det i gang ein prosess med tilsetjing av fast dagleg leiar, og vi ventar at samlingane frå ettersommaren 2017 blir leia av ein fagperson med kvalifikasjonar på internasjonalt nivå. Fagleg tilsette ved UiB, Høgskulen i Volda og Høgskulen på Vestlandet er godt i gang med å gjere samlingane til ein ressurs i forsking og utdanning.

Det er difor synd at Grepstad går så hardt ut mot Språksamlingane ut frå det som må vere sviktande kjennskap til saka. Særleg bergensaggen hans er uforståeleg. Grepstad har sjølvsagt rett til å meine at UiB styrer mot fiasko, men vi skulle gjerne ha visst kva for «teikn» han då byggjer på.

Kanskje direktøren for Ivar Aasen-tunet heller skulle ta til seg verset av Ivar Aasen: «Dei vil alltid klaga og kyta, at me ganga så seint og så smått, men eg tenkjer dei tarv ikkje syta, me skal koma om ikkje så brått.»

Innlegget er først publisert på bt.no