Om SV-fakultetet og IKT-satsing

Publisert:27. april 2017Oppdatert:27. april 2017, 13:27
Ressursar ved SV-fakultetet går til medievitskap, men ikkje informasjonsvitskap, meiner professor Bjørnar Tessem.

«Ved SV-fakultetet satser vi på dette feltet.» skreiv Knut Helland om informasjonsvitskap og IKT generelt i eit innlegg i På Høyden for nokre veker sidan. I lys av debatten om flytting av informasjonsvitskap til informatikk, vil eg gjerne kikke på realitetane i denne påstanden.

For eksempel: I over 13 år har det har vore eit Institutt for informasjons- og medievitskap. Dette prosjektet har vore ein suksess for medievitskap på stillingsfronten. For informasjonsvitskap? Tvert om! For eksempel har det vore ein del utlysingar på alle nivå der både medievitarar og informasjonsvitarar kan søkje. Ingen informasjonsvitarar har fått desse stillingane. Dei siste 7 tilsettingane i faste stillingar ved instituttet har vore medievitarar. Den siste informasjonsvitaren i fast stilling vart tilsett i 2010.  Med omsyn til talet på faste vitskaplege stillingar (som var nesten likt når vi starta), så har ein no 21 fast tilsette medievitarar, og 10 informasjonsvitarar. I det siste har den medievitskaplege instituttstyraren og det medievitskaplege fleirtalet i instituttstyret forvalta nye informasjonsvitskap-stillingar slik at mediebyens spesialiserte behov har fått prioritet framfor utvikling av disiplinen informasjonsvitskap.

Eit anna eksempel: Hausten 2015 fikk UiB 15 ekstraordinære masterplassar til IKT-utdanning i realfag med tilhøyrande ressursar. Det vart vedtatt å dele desse plassane med 10 til informatikk og 5 til informasjonsvitskap, som og er ei IKT-utdanning med tung teknologikomponent. På vegen gjennom universitetsadministrasjonen vart så plassane på underleg vis endra til mastergrads-plassar i medievitskap (denne informasjonen fins i tildelingsbrev). Har dekan Helland sørga for å omfordele øyremerka IKT-fag-ressursar til medievitskap? Det er interessant at både dekanen og instituttleiaren ikkje har villa svart på korleis desse pengane vart handtert når dei har blitt spurt, sjølv om dei opplagt har visst om dette. Eg trudde openheit var eit grunnleggande prinsipp ved demokrati.

Eit tredje eksempel: SV-fakultetet opererer med ein rekrutteringsmodell som skal tildele stillingsressursar etter produksjonstala opp til og med PhD. Denne vert følgt ganske strengt, men sidan Infomedia er eitt institutt vert det skjult korleis dette fordeler seg mellom informasjonsvitskap og medievitskap. Etter litt graving i tal, ser det ut til at det for tida er omlag 3 informasjonsvitarar for lite. Nokre tilsettingsprosessar er visst på gang, men slik er no stoda i dag. Medievitskap har utover det som er inne i modellen 3 stillingar som er eksplisitt knytt til mediebyen - eit prosjekt som ikkje har gjeve noko løft for informasjonsvitskap. I tillegg er modellen slik at sjølv om gradane i informasjonsvitskap har ei grunnfinansiering som ligg om lag 30% høgare enn dei andre disiplinane ved fakultetet, så er studentproduksjon i informasjonsvitskap i modellen ikkje verdt meir enn dei andre. Så fakultetet har, økonomisk sett, hatt stor glede av informasjonsvitskap, dels gjennom eit kontinuerleg underskot på tilsette i faste informasjonsvitskapsstillingar, dels gjennom omfordeling av grunnløyvingane til informasjonsvitskap.

Alle eksempla er gjerne administrativt og strategisk innanfor det ein kan gjere, men dei viser ein sterk tendens som har vore der svært lenge. Dekan Helland hevdar at SV-fakultetet satsar på IKT og informasjonsvitskap. For meg ser det ut til det ein satsar på er medievitskap. Informasjonsvitskap er greitt å ha som ressurstilfang.

Rektor antyda i eit nyleg intervju at saka om flytting av informasjonsvitskap ikkje høyrer heime i media, men må handsamast i linja. Eg er ein informasjonsvitar som sit i andre enden av linja, med to medievitarar mellom meg og rektor, og opplever jamleg at mine medievitskaplege leiarar set medievitskap først, ofte på informasjonsvitskapens kostnad. På Høyden er derfor eit organ der vi i alle fall har høve til å uttale oss. Rektor, på si side, har så langt latt SV-dekanen styre og dermed implisitt valt vekk det mest nyttige tiltaket for å styrke IKT-utdanning og IKT-forsking ved UiB. Dette til tross for svært sterke argument for flytting frå mine kollegaer og andre. Flyttinga er grundig forankra i heile informatikk- og informasjonsvitskapsmiljøet. Så framtida for IKT-faga ved UiB ser altså ut til å vere bestemt av SV-dekan Helland, utan å ha noko som helst forankring i fagmiljøa. Og det han har bestemt er at vi skal ha eit relativt lite informatikk-institutt (i høve til universitet det er naturleg å samanlikne seg med) og eit bitte lite informasjonsvitskap på SV-fakultetet.