Professor på gal kurs

Publisert:19. mai 2016Oppdatert:19. mai 2016, 13:30
Professor Jan Martin Nordbotten krev at På Høyden fjernar alle artiklar som omtaler han, og erstatte dei med artiklar som etter hans oppfatning "ikke er misvisende". Redaktør Dag Hellesund forklarer kvifor det ville vere eit brot med På Høyden sitt samfunnsoppdrag. Foto: Paul S. Amundsen/UiB

Jan Martin Nordbotten ønskjer å ha full kontroll på korleis han sjølv blir framstilt. Det kan han ikkje få.

Matematikkprofessor Jan Martin Nordbotten er for tida på segltur. Han har vore i hardt ver den siste tida, og ikkje i Stillehavet, der han for tida held til.  Han er utsett for kritisk journalistikk som gjeld arbeidstilhøvet hans ved UiB. I innlegget En visjon for På Høyden teiknar han med breie, kraftige fargar sitt eige bilete av verda.

I april i fjor la Nordbotten ut på jordomsegling med si 40 fots Colin Archer-skøyte. Planen har vore å jobbe ved ulike institusjonar undervegs, og på same måte komme heim til Bergen i periodar. Nordbotten la ut på reise utan å diskutere dette med Universitetet i Bergen, slik dekan Helge Dahle skriv i sitt innlegg. Han tok det for gitt at han kunne organisere arbeidet sitt på ein såpass uvanleg måte, utan å spørje arbeidsgivar.

Kasta ut av Vista, måtte ta ut permisjon
Då Det Norske Videnskaps-Akademi og styret for Vista-ordninga, som finansierte forskinga til Nordbotten, fekk høyre om reisa, sa dei tvert nei: Om UiB ville la Nordbotten opphalde seg langt unna fagmiljøet sitt, måtte dei gjerne det. Men Vista ville ikkje finansiere eit slikt prosjekt.

Deretter fekk Nordbotten klar beskjed frå UiB: Det er ikkje akseptabelt å gjere det på denne måten. Og skal du segle må du gjere det i feriar eller uløna permisjon. Det er difor Nordbotten først søkte om uløna permisjon i desember 2015, etter at UiB-leiinga var blitt klar over korleis det heile hang saman.

Frå han drog i april 2015 til mai i år har Nordbotten heva full løn. No hevdar han at han skal ut  seks månaders permisjon utan løn. Dette har han enno ikkje søkt om, og det var først i april, etter at På Høyden byrja å jobbe med saka, at han han varsla arbeidsgivar om at han ville be om meir permisjon. Som forskning.no redaktør Nina Kristiansen skriv, er å indikere at man ser for seg å søkje om permisjon, ganske vagt.

Vil definere kva som er privat
Eg har stor forståing for at Nordbotten ønskjer å verne om privatlivet sitt, og at han finn det svært ubehageleg å vere i søkelyset på ein negativ måte. Han føler seg trakassert av journalistikken som har handla om ein professor som med vitande og vilje har utforska ytterkantane av kva norske universitet tillet sine forskarar å gjere.

Dette heng saman med at det nettopp er tilhøvet mellom arbeid og fritid som er temaet her. Nordbotten kjenner seg sikkert trygg på at han klarer å skilje godt mellom arbeid og segling. Men han er betalt av samfunnet, og må tole at hans vurderingar blir etterprøvde, slik både Vista og UiB har gjort.

Når vi tek med informasjon henta frå ei offentleg nettside om at Nordbotten har planar om å gifte seg på ruta rundt jorda, gjer vi det ikkje for å utlevere privatlivet til Nordbotten. Hadde bryllaupet stått ein laurdag i Bergen, hadde vi ikkje omtalt det. Men i dette tilfellet dokumenterer opplysninga noko Nordbotten prøver å tåkeleggje: Reiseruta si.

Han nektar framleis for at han er på jordomsegling, sjølv om han snart er halvvegs. Til Bergens Tidende fortel han at reisa vil ta tre år, og at han har tenkt å ta ut permisjon i seks månader i løpet av turen. Han har skrive i søknaden sin til Polarinstituttet at han er på jordomsegling (sjå faksimile under) men når det passar han, nektar han blankt.

Løn og reiserekningar er ikkje private opplysningar
På Høyden har og fått innsyn i Nordbotten si bruttoløn for heile 2015 og 2016, samt den eine permisjonssøknaden han har sendt. Noko reknestykke over ferien hans har vi ikkje sett.

Permisjonssøknadar, bruttoløn og reiserekningar for offentleg tilsette er informasjon som ein kvar borgar har rett til å sjå. Men den einaste grunnen til at vi har bede om slikt innsyn er at Nordbotten sjølv har nekta å svare på når han har søkt om permisjon, og om han har fått full løn etter at han drog frå Bergen.

På Høyden har verken brote lov eller presseetikk
Nordbotten anklagar På Høyden for å bryte presseetikken og norsk lov. Det er ikkje riktig, noko Nordbotten truleg er klar over. Likevel kjem han med slike påstandar.

§ 23a i Åndsverklova gir medium høve til å gjengi offentleggjorde fotografiske verk som illustrasjon til nyheitsreportasjar, mot å betale vederlag til opphavspersonen i etterkant. På Høyden har brukt eit bilete som viser Nordbottens seglbåt, Lady Free, i Antarktis. Biletet fann vi ope tilgjengeleg på nettet, og det var ikkje merka med kven som hadde opphavsretten. Nordbotten kunne etter kort tid opplyse at det var han som hadde tatt biletet, og sende krav om honorar. Det vil han sjølvsagt få. Men sjølv om han synest å kjenne til denne paragrafen, hevdar han likevel at På Høyden bryt norsk lov.

Når det gjeld presseetikken har På Høyden gjort eit intervju med Nordbotten om denne saka over telefon.
Han lot då vere å svare på ein del spørsmål som gjaldt seglinga hans. Men då han fekk sitata til gjennomlesing ville han stryke sine svar på alle spørsmål han meinte gjaldt seglinga hans, og som han difor definerte som «private». Dette var det ikkje gjort avtale om. Nokre få av desse svara er blitt brukt på trykk.
 

Nordbotten har nekta å svare
Vidare har Nordbotten fått tilsendt ei rekkje spørsmål som gjeld saka, og han har avslått å svare på dei som inneheld orda «langtur» eller «jordomsegling». Nordbotten er òg gjort kjend med korleis sakene til På Høyden er vinkla, og han har ikkje hatt andre merknader til det enn at han er ueinig i at han har dratt på jordomsegling med full løn.  

Nordbotten har ikkje klart å peike på ein einaste feil i sakene På Høyden har publisert, eller som han skriv det: «Dette er ett av fleire eksempler på en teknisk korrekt fremstilling som er direkte misvisende og injurierende.»

Han framstiller det òg som om På Høyden har publisert sakene når han har vore på havet, og ute av stand til å forsvare seg. Nordbotten har fått ei lang rekke spørsmål før han gjekk ut i permisjon. Han har i stor grad nekta å svare på dei, og han har varsla at han ikkje ønskjer å gi fleire intervju mens han har permisjon. Men han har likevel vore svært tilgjengeleg undervegs, noko innlegga hans vitnar om.

På Høyden har gjort grundige vurderingar av presseetikken i denne saka, og vi er trygge på det vi set på trykk er i tråd med god presseskikk.

Har brukt lite på reiser
På Høyden har ikkje hevda at Nordbotten har gjort ein dårleg jobb det siste året. Han har publisert mykje, og knytta nettverk mellom anna i Brasil. Reiserekningane hans er dessutan svært forsiktige, og her kan han ha spart skattebetalarane for ein god sum.

Men å vere professor inneber meir enn å skrive artiklar og søknader. Sjølv om mykje formidling og undervisning kan skje digitalt, blir det ikkje heilt det same som å vere til stades. At studentar og vitskapleg tilsette samlast foran ei tavle har framleis ein eigen verdi, slik Nordbotten var inne på i denne videoen frå 2011.

Nordbotten set og UiB i ein vanskeleg posisjon: Dersom han kan segle frå universitet til universitet jorda rundt, korleis skal då UiB som arbeidsgivar kunne nekte andre forskarar som har planar utanom det litt vanlege? Og kor skal grensa gå?

Proaktiv journalistikk
Nordbotten meiner at underteikna er inkompetent. Det skal eg ikkje ha noka meining om. I sitt innlegg byr professoren i matematikk òg på ein visjon for På Høyden. I hans verd skal professorar få publisere populærvitskaplege samandrag av forskinga si. Og han meiner at det bør vere «I På Høyden sin interesse å selv være proaktiv i sin omtale av de forskningsresultater som nåes ved institusjonen.»

Her gløymer Nordbotten fullstendig at vi har UiB-magasinet, som blir publisert av Kommunikasjonsavdelinga. Dei mellom 30 og 40 tilsette ved avdelinga jobbar for å profilere UiB og forskinga som skjer her på ein positiv måte, mens dei tre tilsette i På Høyden har mandat til å drive kritisk, uavhengig journalistikk.

På Høyden er både lokalavis for UiB og fagblad for sektoren. Vi dekker store og små nyheiter, både positive og negative. Men å krevje at ei uavhengig avis skal levere meir «proaktive» omtaler blir som når Per Sandberg ber forskarar ved Havforskingsinstituttet om å vere næringsvennlege.

Nordbotten krev at På Høyden kjem med ei orsaking «godt synlig på deres nettside», og at vi «omgående tar ned artiklene som omtaler meg, og eventuelt erstatter de med korrigerte artikler som ikke er misvisende, og ikke omtaler mitt privatliv». Å erstatte vår kritiske journalistikk med noko som passar Nordbotten betre, vil vi ikkje gjere. Det ville vore eit brot med vårt samfunnsoppdrag.

Frå hytte til hytte
Denne saka peiker mot eit omfattande fenomen innan akademia: Dei vitskapleg tilsette har stor fridom til å styre eiga arbeidstid. Mange jobbar langt meir enn dei skal, utan rett på overtidsbetaling. Unntaksvis finst det nok og forskarar som jobbar litt mindre, men likevel nyt den same fridomen til å styre eiga tid. På UiB hender det at leiarar må understreke at arbeidsgivar ventar seg at dei tilsette skal vere på kontoret, og at det ikkje er fritt fram å ha heimekontor, jobbe frå hytta eller dra på jordomsegling når dei vil.

Eit fagmiljø der forskarane sit på kvar si hytte og skriv er ikkje heilt det same, sjølv om dei jobbar iherdig kvar for seg. Og sjølv om dei har tilgang til ulike digitale virkemiddel gir ikkje Skype den same effekten som ein prat over ein kaffikopp på nabokontoret. Som ein instituttleiar ved UiB skreiv det i vår: «Det er vanskelig å lage et dynamisk miljø som også er inkluderende for våre studenter hvis vi sitter plassert på hvert vårt nes.»

Jan Martin Nordbotten si reise er eit ytterpunkt på denne skalaen. Men mange vitskapleg tilsette vil nok vere einige med Nordbotten i at han sjølv må få lov til å organisere tida si, om han klarer å vere like produktiv som han pleier.

Kritikk gjer forskinga betre
Dersom både omsyn til forsking, undervisning, formidling, kontakt med fagmiljøet, arbeid i komitear og anna kan gjerast minst like bra mens ein forskar er på reise eller oppheld seg ein annan stad, er vi heilt einige: Dra ut, og gjerne på jordomsegling! Men den vurderinga kan ikkje berre gjerast av forskaren sjølv eller eit lite fagmiljø som gjerne vil gi gode vilkår til ein flink forskar.

Å la arbeidstakarar få fridom under ansvar er eit godt prinsipp. Men då må dei vise seg ansvaret verdig. Om ein fritt skal kunne velje kor og når ein skal jobbe må ein òg tole at både arbeidsgivar og andre stiller kritiske spørsmål. Til det treng ein òg kritiske og uavhengige universitetsaviser. 

UiB har ei avis som prøver å gjere UiB betre, nettopp ved å peike på det som ikkje er slik det skal vere.