Dr. House har ingenting å gjera i førelesingssalen

Publisert:9. september 2015Oppdatert:15. september 2015, 12:26
Dersom det finst undervisarar som syns studentar er ein pest og ei plage, er det underleg at dei har valgt seg universitetet som arbeidsplass, skriv viserektor Oddrun Samdal. Arkivfoto: Magnus Vabø

Universitetet i Bergen har eit mål om å utdanne landets beste kandidatar. Då treng vi også dei beste undervisarane.

Eg blei rett og slett veldig trist då eg las debattinnlegget til Tord Lauvland Bjørnevik, som er internasjonalt- og læringsmiljøansvarlig i Studentparlamentet ved UiB, i Studvest førre veke. «Eg vil helst ikkje stå her, eg har ingen interesse av å undervise, men instituttet tvinger meg», skal ein undervisar ha sagt då han møtte studentane sine til første undervisningstime.

Uavhengig av kva som ligg bak formuleringa, skal ikkje studentar måtte høyre på slikt. Dr. House har ingenting å gjera i auditoriet. Som viserektor for utdanning er eit godt læringsmiljø mitt ansvarsområde. Eg er samd med Lauvland Bjørnevik i at dersom det finst undervisarar som syns studentar er ein pest og ei plage, er det underleg at dei har valgt seg universitetet som arbeidsplass.

For å løfte fram dei gode undervisarane eller fagmiljøa som lukkast med å skape gode læringsmiljø, deler Universitetet i Bergen kvart år ut Læringsmiljøprisen. Alle studentar og studentorganisasjonar kan nominere kandidatar. Vi treng gode føredøme og vil gjerne få innspel på mange slike.

Rektoratet har som mål at Universitetet i Bergen skal utdanne landets beste kandidatar. Då treng vi også dyktige og motiverte undervisarar, og dei har vi heldigvis mange av i dag. Det er nesten ikkje noko som er meir motiverande for ein vitenskapleg tilsett enn når ein lukkast med å engasjere og aktivisere studentane! Og det ønskjer eg alle våre tilsette skal erfare. Som institusjon vil vi ta vårt ansvar for at det skal skje.