Kven røystar DU på?

Publisert:21. april 2015Oppdatert:21. april 2015, 14:10
Studentane skal mellom anna velja representantar til universitetsstyret. Her er det Magne Seierslund og Siri Knapskog som overlet vervet til Heidi Fuglesang og Mathias Bratz-Queseth. Arkivfoto: Dag Hellesund

Det er igjen tid for val til Studentparlamentet, Universitetsstyret og av UiB sine representantar i Velferdstinget. Det er tid for å avgjera kven du ynskjer skal representera deg det komande året og kva saker som skal vera viktige i året som kjem. Det er tid for å røysta.

Universitetsdemokratiet ved UiB har stolte tradisjonar, men likevel er det berre om lag 1 av 5 studentar som stemmer i valet. Det er viktig med høg valdeltaking. Høg valdeltaking gjev studentdemokratiet og neste års tillitsvalte auka legitimitet i det viktige arbeidet dei skal utføra. Er du lei av kalde lesesalar, er du lei dyr mat i kantina, er du lei av forelesarar utan pedagogisk kompetanse? Då bør du stemma i valet av nye studentrepresentantar!

I snart to år har eg representert deg som student ved UiB. Det har vore ei stor glede. Eg ser tilbake på mange kampar og mange politiske gjennomslag for studentane, no skal nye saker på bordet, ny politikk vedtakast og nye gjennomslag feirast. I mi tid har me blant anna fått vedtatt at UiB får sitt eige studentombud, at UiB blir med i Students at Risk-ordninga og at UiB skal miljøfyrtårnsertifiserast. Me har jobba mykje med digitalisering og rettleiing av studentane gjennom studiane og innan 2019 skal alle studentar ved UiB ha ein eigen fagleg mentor. Det siste året har det foregått eit viktig arbeid som vil prega universitetet dei neste seks åra. I arbeidet med den nye strategiplanen til UiB har meg fått mange gjennomslag. Gjennomslag som vil prega universitetet dei komande åra. Gjennomslag som gjer din studiekvardag betre.

Desse gjennomslaga syner at studentdemokratiet er viktig! Skal studentane verta høyrde treng dei gode tillitsvalte både i frivillige råd, styrer og utval og på fulltid i Arbeidsutvalet til Studentparlamentet.

Den neste veka har du som student ved UiB høve til å avgjera kven som skal sitja i Universitetsstyret det neste året. Du avgjer kva liste som får flest representantar i Studentparlamentet og du avgjer med det kva saker som skal prega det neste året.

Bruk røysteretten din, torsdag 30. april klokka 12 er det for seint!

Godt val!