Er UiB ein funksjonell organisasjon?

Publisert:20. mars 2015Oppdatert:20. mars 2015, 10:18
Rutinene for å reparere øydelagd utstyr er for dårlege, meiner Bjørnar Tessem.

I dag kom eg i forelesingslokalet mitt 15 minutt før forelesinga og oppdaga at lerretet til framvising av lysark-presentasjonar var falt ned og at det ikkje let seg gjere å få vist lysarka mine. Det vil sei, eg kunne vise dei på ei mørkegrøn tavle. Dette var ikkje aktuelt for meg. Så det vart litt kaos med å finne eit alternativt lokale, og forelesinga vart rodd i hamn, med ein lett stressa og frustrert forelesar.

Det som er interessant her er at nokre av studentane hadde hatt forelesing i same lokalet for over to dagar sida, og då var stoda identisk. Opphenget på lerretet var knekt og lysarka vart vist på den grøne tavla, men temmeleg problematiske å lese. Og då funderer eg litt over kva det er som har skjedd her, eller meir kva som burde ha skjedd. At utstyr går sund, må vi rekne med og tåle. Dette tilfellet er og sikkert blitt rapportert til dei som har ansvaret for å fikse sånt, så dei kan få sette i gang reparasjonar. Men det som burde skjedd i neste omgang har ikkje blitt gjort, nemleg at dei som blir råka av dette (studentar og forelesarar) blir informert så fort råd er og at det blir sett i verk tiltak for å ordne alternativt lokale. Den naudsynte informasjonen fins i UiB sine informasjonssystem, men ingen har eller har tatt ansvaret for å sørgje for at dei som ein forventar skal gjere ein god undervisningsjobb, faktisk veit om hindringar for arbeidet.

Når ein har sentralisert drifta av universitetet slik det er no, så ligg det eit ansvar hos universitetsleiinga å sikre at dei ulike avdelingane faktisk bidrar til at ting fungerer lokalt, og at viktig informasjon om problem flyt dit det skal. Og det bør skje fort og ikkje i løpet av mange dagar. Mykje tyder på at det er mykje å hente i betre rutinar. Sentralisering er sikkert smart, men jammen kostar det å ikkje ha tenkt gjennom konsekvensar av ansvarsforvitringa - unnskyld, ansvarsfordelinga. Det vert  i alle fall ikkje god undervisning av slike situasjonar. Og det kostar og ein del at ei rekkje kollegaer vart forstyrra i sitt normale arbeid for å hjelpe med å finne ei kriseløysing.