Eit globalt perspektiv på humaniora

Publisert:22. januar 2015Oppdatert:24. januar 2015, 13:34
Humanities World Report 2015 er publisert med open tilgang, og kan lastas ned frå internett.

Den nyleg publiserte boka Humanities World Report 2015 (Palgrave) utgjer det første forsøket på ei global evaluering av humanistisk forski

Den nyleg publiserte boka Humanities World Report 2015 (Palgrave) utgjer det første forsøket på ei global evaluering av humanistisk forsking. Den dermed unike og ambisiøse studien inneheld mykje av interesse for alle som er opptatt av feltet, så arbeidet fortener merksemd. Vi fekk jo for ikkje så lenge sidan vår «eigen» rapport, den Fritt Ord-initierte Hva Skal Vi Med Humaniora?, og ein skal ikkje ha lese langt i HWR for å bli slått av kor ulike desse prosjekta er. Der utgreiinga frå i fjor var provinsiell i ei bokstavleg tyding (det dreidde seg om Noreg, og alle sju medlemmene i arbeidsgruppa var tilsette ved kunnskapsinstitusjonar i hovudstaden), har HWR eit globalt nedslagsfelt. Forfatterane Poul Holm, Arne Jarrick og Dominic Scott har gjort kvalitative intervju med 89 forskarar frå 41 land og fem kontinent, og arbeidet er finansiert med svenske og nederlandske midlar. I tillegg har dei analysert ei lang rekkje nasjonale rapportar frå følgjande land: USA, Canada, Storbritannia, Skandinavia, Tyskland, Frankrike, India, Australia, og Afrika sub-Sahara. Medan Oslo-rapporten har som føresetnad at legitimiteten til dei humanistiske faga står på spel, og at ein treng ei betre grunngjeving av humanistisk forsking, har HWR ingen slike premiss. Utgangspunktet er kort og godt å finne ut kva eit breitt samansett internasjonalt spektrum av humanistar tenkjer om det dei gjer. Utover ei drøfting av dei eigenskapar og verdiar som definerer humaniora tar boka også opp andre nærliggjande spørsmål, så som relasjonen til samfunnet, interdisiplinaritet, globalisering, digitalisering, og endringar i finansieringsformene. 

Debatten om humaniorakrisa har pågått i nokre år no, utan at ein nødvendigvis har komme så mykje vidare. Den har eit materielt aspekt, som nedfeller seg i fenomen som nedbemanning, økonomiske nedskjeringar, og utilstrekkeleg utteljing på prosjektsøknadar. Den har og eit meir kulturelt og ideologisk aspekt, som – mellom anna – dreier seg om relevans og nytteverdi. Desse dimensjonane heng openbart saman, men samstundes vert det altfor enkelt å slutte frå det kulturelle til det materielle (det vil alltid finnast dei som er negative til t.d. filosofi eller kjønnsforsking, utan at institusjonane sine stillingsressursar vert ramma av den grunn). Forfatterane av HWR har ei sober innstilling til denne problematikken. Dei er ikkje apologetar for humaniora, men dei er og klare for å avvikle denne dels internaliserte førestellinga om ei krise. Litt interessant er det å notere seg at i Fritt Ord-rapporten vert krisa tatt for gitt; ho vert ein assimilert del av den optikken forfatterane ser problema gjennom og dette fargelegg til ein viss grad konklusjonane dei kjem fram til. Evalueringa til Holm, Jarrick og Scott maktar på den andre sida å forhalde seg kritisk også til denne noko forterpa og lettvinte karakteriseringa.

Det er og fortenestefullt at WHR langt på veg tilbakeviser ein del klisjéprega framstillingar av humanioraforskinga, slik som at ho representerer ein subjektivistisk og kvalitativt annleis type vitskap utført av livsfjerne menneske isolert i elfenbeinstårnet. Opposisjonen mellom humaniora og samfunn er elles ein konstruert og uproduktiv dikotomi, for humaniora er jo, nødvendigvis, ein integrert del av samfunnet (alle forskarar er jo på same tid samfunnsborgarar, med alt det fører med seg for arbeidet dei gjer).

Av plassomsyn skal eg ikkje gå veldig detaljert inn i den over 200 sider lange rapporten i dette forumet, men la meg kort peike på nokre av hovudtrekka. Informantane, som kom frå dei fleste humanistiske disiplinane, skulle for det første uttale seg om verdiane som kjenneteiknar feltet. Desse omfattar følgjande (og dels overlappande) kategoriar:

  • eigenverdi
  • sosial verdi
  • kulturarv
  • økonomisk verdi
  • bidrag til andre disiplinar
  • innovasjon
  • kritisk tenking
  • spirituell utvikling
  • estetisk verdi

Forfatterane oppdaga eit for dei overraskande mønster i svara. Når forskarane svara på eigne vegne, trakk eit fleirtal fram humanioras eigenverdi som det sentrale. Når spørsmålet kom opp om å legitimere finansiering av grunnforsking overfor skeptikarane, landa over halvparten på den sosiale verdien, med omsynet til kulturarven tett bak. Det var då særleg humanioras funksjon med å skaffe til veie eit fagleg grunnlag for avgjerdsprosessar i samfunnet – gjerne i tilknyting til teknologispørsmål – som vart trekt fram. No skulle ein kanskje tru at intervjuobjekta her svara taktisk, men andre deler av rapporten viser at så ikkje er tilfelle. I eit anna kapittel vert dei nemleg spurde om kva tema som dominerer dagens humanioraforsking, og då vart sosiale/samfunnsmessige tema i overveldande grad nemnde først. Ut frå dette kan det verke som det er eit godt samsvar mellom forventningar utanfrå og kva det konkret vert forska på. Denne tendensen er og i tråd med signal frå EU om større satsing på humaniora i høve til dei store samfunnsspørsmåla. Men her er det sjølvsagt mange usikre moment. Vil denne antyda investeringa bli stor nok? Vil administratorane på toppen ha ein romsleg nok visjon for humaniora, og vil dei forstå dei lange perspektiva som karakteriserer forsking i humaniora? Vil dei ha ei oppriktig interesse for sjølve forskinga, eller vil dei først og fremst vere opptekne av detaljstyring? Og kan forskarane, innanfor EU-finansierte prosjekter, ivareta den distansen og nøytraliteten som er essensiell for å drive god forsking?

Eit anna viktig område for WHR er det som vert kalla ”omsetjing,” som svarar til det vi her heime ville kalla formidling. Sjølve termen høyrest kanskje litt klønete ut på norsk, men perspektivet som ligg bak er breiare. I den pågåande diskusjonen om forskarane si formidlingsplikt er det ein klar tendens til helst å tenkje på synlegheit i media. Det er viktig, men samstundes trass alt berre ein av mange ulike måtar forskaren kan bidra med sin kompetanse på utanfor akademia. Også viktig, som rapporten påpeikar, er samarbeide med kulturinstitusjonar som museum, andre utdanningsinstitusjonar som vidaregåande skular, og diverse organ innan offentleg forvalting, for å nemne nokre felt. Problema som evalueringa identifiserer er velkjente; på den eine sida er det for mange forskarar som ignorerer formidlingsarbeidet, medan dei institusjonelle incentiva til å drive med formidling på den andre sida er for veike. Interessant nok er det til dels store geografiske skilandar her. Motstanden mot formidling var påfallande stor i såpass ulike nasjonar som Nederland og Kina. Den største formidlingsiveren fann forfatterane i Russland og i deler av Latin-Amerika. Men ein hovudkonklusjon her er at forskaren bør få følgje sin naturlege faglege nyfikne utan tanke på eventuell seinare bruk i ikkje-akademiske kontekstar.

Tre andre områder som får stor plass i rapporten er interdisiplinaritet, det digitale humaniora og internasjonalisering. Medan informantane ikkje er spesielt entusiastiske til digitaliseringa (men rett nok ikkje fiendtlege heller), er dei atskilleg meir engasjert i dei andre spørsmåla. Mange av dei forstår seg sjølv som tverrfaglege, og det sentrale punktet som går igjen i diskusjonane her er konflikten mellom, på den eine sida, ei strategisk vektlegging av interdisiplinaritet og, på den andre, ei favorisering av monodisiplinaritet i kriteria for tilsetjing og opprykk. På globaliseringsfeltet var frykta for auka homogenisering (ikkje uventa knytta til den språklege dominansen til engelsk) eit hovudtema. Men fleire informantar var også overtydde om at banebrytande forsking i humaniora i framtida vil gå føre seg i komparative, kryss-kulturelle prosjekt. Sist men ikkje minst avlivar rapporten langt på veg den oppfatninga at eit globalisert humaniora no er norma. Distinkte og dels lukka forskingskulturar basert på språkområde og geografi er framleis realiteten. Engelsk dominerer i Nord-Amerika, Nord-Europa, Australia og deler av Sørøst-Asia; fransk, spansk og portugisisk dominerer Sør-Europa, Latin-Amerika og deler av Afrika; og store nasjonar som Kina og Russland har sine eigne akademiske kretslaup.

WHR finn få indikasjonar på at humaniorafaga er i krise og på at det er vesentlege skilnadar mellom desse faga og naturvitskapane. Kunnskap, sanning, og funn/resultat står og i sentrum av den humanvitskaplege verksemda. Dette er konklusjonen rapporten kjem fram til. Men den presenterer samstundes eit sett med praktiske og konseptuelle tilrådingar. I første kategori kan ein nemne eit betre premieringssystem for dei som vil satse på formidling, ei viss modifisering av kriteria/praksis for tilsetjing og opprykk for å gi tverrfaglege forskarar betre vilkår, samt meir effektiv integrasjon av det digitale humaniora i fagmiljøa. På det meir konseptuelle planet trekkjer WHR særleg fram desse punkta:

  • humanioras relevans med tanke på langsiktig avkasting bør artikulerast klarare.
  • ein må etablere transnasjonale plattformer for integrasjon av spesialisert kunnskap, for å motverke fragmentering. 
  • i forsvaret for humanvitskapane bør ein ta med eit økologisk perspektiv, dette at tap av kulturell og språkleg kompetanse reduserer vår kollektive intelligens, og at humaniora sin funksjon i så måte kan minne om arbeidet med å ivareta biodiversitet.

For eiga rekning kan eg leggje til eit par moment som har vore underleg fråverande i den seinare tids humanioradebatt. For det første ser vi ei vantande evne eller vilje til å tenkje kritisk rundt sjølve nytteomgrepet. At humaniora skal vere nyttig er i og for seg eit rimeleg krav, men problemet er berre det at nytte er eit høgst relativt og kontekstuelt omgrep. Nytteverdi kan rett og slett ikkje tenkjast uavhengig av funksjon eller bruksområde, og motsett av det ein kan få inntrykk av eksisterer det ikkje noko abstrakt og transcendentalt nytteomgrep. Kva som er nyttig er til ei kvar tid fundamentaltil ut underlagt den gjeldande konteksten. For det andre så er nyttige ting nyttige på heilt ulike måtar. I diskusjonen om humaniora og relevans har det imidlertid vore eit nokså einfaldig og fantasilaust fokus på umiddelbar og direkte nytteverdi. Men det kan ikkje vere så vanskeleg å forstå at ting kan påverke ting gjennom andre ting. Det humaniora først og fremst produserer er kompetente menneske som kan utrette ein mengde ting på vidt ulike felt nettopp gjennom kunnskapen dei har tileigna seg. Slik held humaniora fram med å verke i verda og å generere nytte for samfunnslivet.

Eit spørsmål ein gjerne kan stille seg no er: kva seier det eigentleg om oss som kultur at vi er komme dit at vi er blitt usikre på relevansen til språket, til historia, til kulturen, til litteraturen og kunsten, til religionen, til tankeverda? Kven (og eventuelt kva slags forsking) tener på å oppretthalde denne usikkerheita? I staden for eit framhald i krisedebatten treng vi ved neste korsveg kanskje heller ein rapport om den ideologien og samfunnspsykologien som har produsert ein slik djupt anti-intellektuell og bakstreversk skepsis.