Motivasjonsbrev og medisinstudiet

Publisert:13. november 2014Oppdatert:14. november 2014, 10:32

Eg er heilt klart positiv til å innføre ei ordning som kan medføre at det er fleire av dei som verkeleg brenn for studiet som kjem inn.

Så spanande at motivasjonsbrev og lignande er oppe til diskusjon!

På Københavns Universitet (KU) er det 10% av dei studerande som kjem inn på den såkalla kvote 2, og på KU er det eit motivasjonsbrev. Fordi det er veldig mange søkjarar til studieplassane, og kvote 2 -delen er veldig liten, er nålauget for å kome inn på denna kvota lite! Du skal verkeleg skrive eit godt motivasjonsbrev, og vise til tidlegare utdanning (helst på bachelornivå), erfaring innanfor relevant område osv. På Syddansk universitet i Odense utgjer kvote 2-inntaket 50% av dei medisinstuderande. Der skal ein først igjennom ein multiple choice test, før eit visst antal får kome til mini-intervju.

I Danmark er det heller ikkje mogleg å ta opp igjen fag frå VGS for å forbetre karakterane.

Dei som kjem inn på kvote 2 er ofte dei som ikkje gjekk ut av VGS med dei flottaste karakterane, og som har seinare funne ut at dei gjerne vi studere medisin. Det er òg f.eks. ferdig utdanna sjukepleiarar, eller anna personell innanfor helsesektoren, som har funne ut at dei vil lære meir.

Eg kom inn på studiet  i København på bakgrunn av karakterar. Personleg trur eg Noreg vil dra nytte av å innføre ein variant av kvote 2 i studieinntaket. Kvote 2, spesielt den varianten dei brukar i Odense, medfører at det er dei mest lærevillige, interesserte og dei med best forutsetningar for å fullføre studiet som blir tatt opp. Det kan jo i det store og det heile føre til at fleire fullfører studiet, og Noreg sjølv utdannar fleire legar.

Noko anna som eg verkeleg kan irritere meg over, er at nokre søker seg inn på studiet «berre fordi dei kan/har snittet til det», men ikkje fordi dei brenn for naturvitskapen, det å hjelpe andre menneske eller andre relevante interesseområder innanfor medisin. Med ei kvote 2-ordning, kan ein jo forhåpentlegvis unngå at disse tar studieplassen frå ein annan som verkeleg brenn for dette.

Ei slik ordning vil òg medføre at dei som ikkje kan vise til eit nesten reint <<seksarvitnemål>> frå VGS likevel kan få ei moglegheit til å kome inn på studiet, utan at dei skal bruke fleire titusenvis av kroner og utallige år på å ta opp igjen fag. Det er ikkje alle som veit kva dei vil bli når dei er 17 år, og skal velge programfag.

Kor relevant er det eigentleg at du har ein seksar i geografi eller gym frå VGS for at du skal bli ein god lege?

Eg las ein gong at dei ved NTNU var negative til ei slik ordning, fordi dei var avhengige av at dei som kom inn på studiet var studerande som enkelt og raskt kunne tileigne seg mykje ny informasjon, og det var dette dei fekk då dei brukte eit opptak som reint gjekk på karakterar.

Men er det ein slik teorioppsugande lege du gjerne vil ha?

Ein lege som hiver ein heil masse fagtermar og latinske ord i hovudet på deg, når du sit der livredd fordi du har funne ein klump i brystet? Eller vil du ha ein lege som kan det å kommunisere, som fortel ting på ein måte som gjer det forståeleg for deg som pasient, og som gjer deg trygg og roleg? Det er ikkje alle menneske her i verda som bør bli legar, det er òg mange legar som heilt klart burde hatt andre yrke.

(Bildet: Den planlagte Mærsk-bygningen på Panum i København blir et signalbygg for Science City Copenhagen.)