Universitetet er framleis ein viktig aktør

Publisert:23. oktober 2014Oppdatert:23. oktober 2014, 08:42
Frå toppen av kranen ser ein ned på toppane; her i Muséplass 1 sit rektor og universitetsdirektør.

Tysdag vart Universitetet i Bergen (UiB) si nye omdømeundersøking lagt fram. Respondentane i undersøkinga er leiarar i verksemder frå offentleg, privat og frivillig sektor, fordelt på ulike fagområder. Dette er nok diverre eit for snevert utval til å gje eit heilskapleg bilete av universitetet sitt omdøme, men det gjev likevel nokon signal på kva som fungera og kva som må betrast.

 

 

I den nye omdømeundersøkinga (sjå vedlegg) kjem det fram at over 9 av 10 spurte meinar at universiteta har ein viktig funksjon i samfunnet. Men undersøkinga og andre attendemeldingar syner at ein nok kanskje ikkje er god nok til å utnytte og synleggjere posisjonen sin. Skal me lukkast med dagens og morgondagens utfordringar er det heilt avgjerande at universiteta ligg i front, både kva gjeld forsking og utdanning. På forsking ligg dei tradisjonelle universiteta langt framfor andre institusjonar i universitets- og høgskolesektoren. Det bør dei halda fram med.

 

Undersøkinga syner at UiB kan verta betre på kontakt med omverden. Om lag 7 av 10 spurte leiarar seier dei aldri har vore i kontakt med universitetet. Sjølv om det ikkje bør vera eit mål at alle bedrifter og organisasjonar har vore i direkte kontakt med eit universitet, kan dette vera eit teikn på at universitetet har ein del å gå på når det gjeld kontakt med dei som oppheld seg utanfor Nygårdshøyden. Er ein rett og slett for introverte? 

 

Meir enn 7 av 10 spurte er samde i at det er viktig at UiB hentar internasjonale impulsar. Dette syner kor viktig det er at universitetet held fram med å orientera seg utover landegrensene. Skal ein lukkast med å skapa framifrå miljø både innanfor utdanning og forsking er det heilt avgjerande at ein lukkast med å rekrutera dei beste hovuda. Internasjonal orientering er viktig, både i tilsetjingsprosessar og rekruttering av studentar, men også kva gjeld samarbeid innanfor forsking og utdanning. Regjeringa sitt forslag om å innføra studieavgift for internasjonale studentar er ikkje forenleg med ei slik internasjonal orientering. Difor vonar eg at UiB vil finna andre måtar å dekkja inn kuttet i bevillinga på om lag 8 millionar som regjeringa foreslår at skal dekkast inn gjennom studieavgift, dersom dette blir vedtatt. 

Framtida til UiB er lys. Det er viktig for kunnskapsbyen Bergen, for Vestlandet som region og for heile Noreg at UiB utviklar seg og held fram som ein av landets fremste kunnskapsprodusentar. Denne undersøkinga syner at det er klare forventingar om at universitetet skal levera framifrå forsking som er viktig for utvikling av samfunnet vårt. Det er mange gode grunnar til å løfte fram nokre av dei fagområda som me er aller best på - ein av dei viktigaste grunnane er at dette vil bidra til eit løft for heile universitetet. 

Tommy Aarethun
Leiar, Studentparlamentet UiB.