Miljøfyrtårn i det blå?

Publisert:27. februar 2014Oppdatert:27. februar 2014, 11:50

Studentane krev handling nå.

 

Ein kunne tysdag 25.02 lesa ein artikkel i På Høyden som tek føre seg UiB og deira satsing på miljøstyring. Ei av underoverskriftene i denne artikkelen er «Miljøfyrtårn i det blå», og det vert også sagt at UiB nok ikkje er verre enn andre universitet på dette området. Men ein bør ikkje nøya seg med å «ikkje vera verre enn andre», UiB bør ha som målsetning å vera leiande. Det vil styrka institusjonen som heilskap og styrka UiB sin posisjon i sektoren.

Måndag 24.02 vedtok Studentparlamentet ved UiB samrøystes ein resolusjon som forlangar handling frå leiinga. Ein ynskjer at UiB går for Miljøfyrtårn-sertifisering og at dette arbeidet raskt tek til. Resolusjonen peikar på prosessen som no er i gang hjå Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) og seier blant anna: «20. januar ble hovedkontoret til Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) sertifisert som Miljøfyrtårn. SiB har planer for videre sertifisering av sine avdelinger og det vil bli rullet ut på de ulike avdelingene til SiB i tiden framover.»

Mange av SiB sine avdelingar ligg i bygg som er eigd og drifta av UiB. Studentparlamentet ser det som ei sjølvfølgje at UiB legg til rette for SiB sitt arbeid med miljøsertifisering og då er det hensiktsmessig og samstundes sertifisera seg sjølv.

Vidare framhevar resolusjonen den manglande oppfølginga av Tiltaksplan for ytre miljø for 2012-2015, som seier at «UiB skal utrede ulike alternativer for miljøsertifisering (første halvdel av 2013)» og at «Miljøsertifisering skal innføres ved én administrativ enhet og ett fakultet (innen utgangen av 2013)». Når det siste punktet om miljøsertifisering er at alle einingar og fakultet skal vera sertifisert innan planperioden, då er det klart at ein byrjar å få dårleg tid.

Det vert vidare peika på at universiteta som kunnskapsinstitusjonar bør føla særskilt ansvar i slike saker. Miljøfyrtårnsertifisering vil betra arbeidsmiljøet for både studentar og tilsette samstundes som det sikrar at UiB har ei miljøvennleg drift. Når ein ser kva som vert krevja for å få status som Miljøfyrtårn opp mot kor stor verksemd UiB er, har ein grunn til å anta at det kan vera store summar å henta på innsparingar på driftssida. Det er med andre ord fleire grunnar til å handla raskt, universiteta bør gå i bresjen for at verksemder forpliktar seg til miljøarbeid. Vi vonar UiB følgjer SiB sitt gode eksempel. Samskipnad og institusjon hand i hand, også som Miljøfyrtårn!