Trø til!

Publisert:29. november 2013Oppdatert:29. november 2013, 12:21

Universitetet i Bergen (UiB) er ein arbeidsplass og utdanningsinstitusjon med såkalla «grøn drift», då bør ein i større grad legga til rette, slik at studentar og tilsette kan nytta sykkel til og frå universitetet.

Det må på plass gode sykkelparkeringar ved alle fakultet, med gode dusj- og garderobefasilitetar slik at både tilsette og studentar vel sykkelen framfor andre mindre miljøvenlege transportmiddel. Det er viktig for arbeidsmiljøet at ein får på plass tørkerom og garderobar slik at ein ikkje treng å tørke sko og klede inne på arbeidsplassen. Ein dag på arbeidsplassen med fuktige sko og klede bidreg til eit utrivelege arbeidsmiljø som dei tilsette og studentane kunne vore skåna for dersom ein fekk på plass gode fasilitetar.  

Det er viktig at ikkje studentane vert gløymde når ein jobbar med å legga til rette for at dei tilsette skal kunna nytta sykkel til og frå universitetet.

Det må også gjerast ein langt betre jobb med å informere om kva som finst av fasilitetar tilgjengeleg for tilsette og studentar. Til dømes kan ein løysa dette gjennom eit «sykkel-på-campus-kart» som merkjer av dei punkta som er viktige for dei som nyttar sykkel.

Det er viktig at ikkje studentane vert gløymde når ein jobbar med å legga til rette for at dei tilsette skal kunna nytta sykkel til og frå universitetet. Det må vera høve også for studentar å kunna velja sykkelen til og frå universitetet utan å måtte frykta for at sykkelen er stjålen når ein skal heim. Mange studentar bur innanfor ein radius frå UiB som gjer sykkelen til eit naturleg framkomstmiddel, då er det viktig at eit grønt UiB gjev studentane sine høve til dette.

Det bør iverksetjast målretta tiltak mot studentar og tilsette med sikte på å auka andelen som nyttar sykkel til og frå universitetet. Det er god samfunnsøkonomi å investera i sykling, det vil skåne miljøet samstundes som det kan bidra til lågare sjukefråvær då sykling fører til ei generell betring av folkehelsa.

God tilrettelegging på campusområdet er UiB sin jobb, men det er også viktig at Bergen kommune satsar i langt større grad på sykkelen som framkomstmiddel. Bergen er som kjent ein by der utslepp og «giftlokk» er eit stadig tilbakevendande problem. I Bergen gjer klimaet det mogleg å sykla om lag heile året og det bør difor leggast til rette i langt større grad for sykling gjennom trygge sykkelvegar. Medan ein ventar på ei skikkeleg sykkelsatsing frå Bergen kommune bør UiB nytte tida til å bli gode på sykkel. Dette vil gi resultat for miljø og folkehelse, samstundes som det legg press på kommunen.