Notiser om nye bøker og publikasjoner, samt notiser om personer som har fått priser, utmerkelser, jubileer eller er nyansatt ved UiB kan legges inn her. Vi krever en gyldig e-post-adresse på innsender for å sjekke autensitet, og vi modererer innlegg. 

Om målet på Søre Sunnmøre

Forfatter: 
Bjarne Ulvestad
Forlag: 
Syvde Sogelag
ISBN: 
978-82-303-1402-9

Bjarne Ulvestad (1922 – 2004) var professor i tysk ved Universitetet i Bergen frå 1957 til 1992. I tillegg til sitt vitskaplege hovudarbeid, som låg innom tysk syntaks, var Ulvestad ein sentral person innom nordistikken, særleg dialektologien. Han hadde eit sterkt engasjement for analysen av heimemålet, og han var den første som fekk klårt fram at det er tenlig å dele målet på Sunnmøre i ytre sørsunnmørsk og indre sørsunnmørsk.

I Rette det som rangt er har Elling Ulvestad og Oddvar Nes samla dei 19 artiklane Bjarne Ulvestad skreiv om målet på Søre Sunnmøre. Dei to har også skrive kvart sitt innleiande kapittel om språkmannen Bjarne Ulvestad. Med boka fylgjer ein CD med opptak av personar som talar målet slik det vart brukt av folk fødde rundt 1900.