Notiser om nye bøker og publikasjoner, samt notiser om personer som har fått priser, utmerkelser, jubileer eller er nyansatt ved UiB kan legges inn her. Vi krever en gyldig e-post-adresse på innsender for å sjekke autensitet, og vi modererer innlegg. 

Maktfordeling og 1814

Forfatter: 
Eirik Holmøyvik
Forlag: 
Fagbokforlaget
ISBN: 
978-82-450-1276-7

Maktfordelingsprinsippet er eit av dei grunnleggjande prinsippa i statsretten. Det seier at den lovgjevande, den utøvande og den dømmande makta må haldast åtskilde og plasserast hos ulike personar og organ. Føremålet med ei slik deling av statsmakta er å hindre maktmisbruk og sikre eit styre etter lover.

I boka gjer forfattaren greie for opphavet til maktfordelingsprinsippet og viser korleis det vart eit sentralt prinsipp i statsretten og i grunnlovene frå slutten av 1700-talet. Forfattaren viser òg korleis element i maktfordelingsprinsippet vart lagt til grunn i statsretten under det dansk-norske eineveldet før 1814. Hovuddelen i boka er ein omfattande historisk og komparativ kjeldestudie der forfattaren viser kvifor, korleis og med kva verknad maktfordelingsprinsippet kom inn i den norske grunnlova i 1814. Grunnlovsforfattarane på Eidsvoll bygde her på ei rekkje ulike utanlandske kjelder. I boka viser forfattaren korleis maktfordelinga i grunnlova like fullt vart ein særnorsk konstruksjon ulik andre grunnlover i samtida.

Maktfordeling er djupast sett også eit spørsmål om suverenitet. Suverenitetsperspektivet er viktig for å forstå gjennomføringa av maktfordelingsprinsippet i grunnlover før og etter 1814. Eit viktig føremål med boka er å vise korleis grunnlovsforfattarane i 1814 innretta maktfordelinga i favør av Stortinget ut ifrå dåtidas ideal om folkesuverenitet, og ikkje som ei institusjonell likevekt mellom Kongen og Stortinget. Slik vart maktfordelinga i 1814 ein rettsleg kime til dei store forfatningskampane mellom Kongen og Stortinget seinare på 1800-talet.

Boka rettar seg mot juristar, historikarar, samfunnsvitarar og andre med interesse for statsrett, rettshistorie og historia om 1814.

Eirik Holmøyvik er ph.d. i rettsvitskap og fyrsteamanuensis ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen.