Notiser om nye bøker og publikasjoner, samt notiser om personer som har fått priser, utmerkelser, jubileer eller er nyansatt ved UiB kan legges inn her. Vi krever en gyldig e-post-adresse på innsender for å sjekke autensitet, og vi modererer innlegg. 

Le lingue nordiche nel medioevo. Vol. 1: Testi

Forfatter: 
Odd Einar Haugen
Forlag: 
Novus Press
ISBN: 
978-82-8390-002-6

Denne boka er redigert av Odd Einar Haugen i samarbeid med fire italienske kollegaer, Massimiliano Bampi og Marina Buzzoni i Venezia og Andrea Meregalli og Luca Panieri i Milano. Boka er utgitt som Open Access på Novus forlag med støtte frå Universitetet i Bergen: http://omp.novus.no/index.php/novus/catalog/book/2

Boka er også tilgjengeleg i trykt utgåve til ein overkommelig pris med tanke på bokutstyret (stivband, trådhefting og fargetrykk).

Det første bandet av “Le lingue nordiche nel medioevo” inneheld utdrag av eldre og typiske nordiske tekstar frå perioden 1200-1500. Boka byr på fire tekstar frå kvart av språka dansk, svensk, norsk og islandsk, og ein enkelt tekst på gutnisk. Kvar tekst har ei kort innleiing, ein faksimile frå ei side i handskriftet, og deretter sjølve teksten på originalspråket med parallell omsetjing til italiensk. Alle tekstane har vore utgjevne direkte frå handskriftene av forfattarane. Boka har ei lengre generell innleiing der den språklege utviklinga av dei nordiske språka blir diskutert, dei ulike litterære sjangrene og utviklinga av skrifta og handskriftskulturen i denne perioden. Det er også fyldige notar til alle tekstane.

Bd. 2 skal etter planen omfatte eit glossar til alle tekstane og grammatiske skisser over dei nordiske språka i perioden 1200-1500.

Det er overraskande stor interesse for særleg norrøn (norsk og islandsk) litteratur i Italia. Målet med denne boka er at heile den eldre nordiske litteraturen skal presenterast, både som språklege og litterære dokument, ikkje berre den norrøne greina.