Notiser om nye bøker og publikasjoner, samt notiser om personer som har fått priser, utmerkelser, jubileer eller er nyansatt ved UiB kan legges inn her. Vi krever en gyldig e-post-adresse på innsender for å sjekke autensitet, og vi modererer innlegg. 

Gulatinget og Gulatingslova

I boka skriv Knut Helle om Gulatinget frå Harald Hårfagres dagar og fram til omkring 1300 då tinget vart flytt frå Gulen til Bergen. Han ser tinget som ein møtestad mellom det vestnorske bondesamfunnet og dei to offentlege maktene - kongedømet og kyrkja - som søkte å organisere samfunnet under seg i mellomalderen.Forfattaren ser den eldre Gulatingslova som eit vitnemål om tilhøva i bondesamfunnet og dei rollene konge og kyrkje spela der, før eit sterkare rikskongedøme og ei meir uavhengig kyrkje tok over og det vart trong for nye lovbøker. Ikkje berre i norsk, men òg i nordisk og europeisk perspektiv er den eldre Gulatingslova viktig av di ho speglar eit bondesamfunn som gjennom tingmennene sine opptrådde sjølvstendig i lovskiping, domsverksemd og tingingar med kongedøme og kyrkje om tiltak av sams interesse.Forfattar Knut Helle, f. 1930, har i ein mannsalder vore professor i mellomalderhistorie ved Universitetet i Bergen. Han har vore hovudredaktør for Aschehougs Verdenshistorie og Aschehougs Norgeshistorie.
Forfattar: Knut Helle
Tittel: Gulatinget og Gulatingslova
Publisert av: SKALD