UiO-rektor varslar flykutt og slutt på styreseminar i utlandet

Publisert:8. februar 2019Oppdatert:8. februar 2019, 06:00
«Bærekraftsarbeid kan ikke bare være et tema i festtaler», skriv rektor ved Universitetet i Oslo på sin blogg. Foto: UiO/Terje Heiestad

– Heller Gol enn Roma, seier rektor ved Universitet i Oslo, Svein Stølen. NTNU diskuterer interne avgifter på flyreiser.

På Høyden kunne denne veka fortelje om rektor Universitetet i Bergen (UiB), Dag Rune Olsen, sine reiseplanar for første kvartal i 2019. Med sju utanlandsturar til fire kontinent på tre månader ligg UiB-rektoren fortsatt på CO2-toppen blant universitetsrektorane, slik han gjorde i 2018. Ein av turane går til USA og Boston med heile UiB-styret, dekanar og stab på lasset, i alt 27 personar. Olsen har vist til at det er ein tradisjon at rektoratet tar med styret på tur kvart fjerde år.

Hans kollega i ved Universitetet i Oslo (UiO), rektor Svein Stølen, let derimot tradisjonar vere tradisjonar.

– Vi har vedtatt at styreseminaret vi hadde til Roma i 2017 blir det siste vi hadde utanlands. Heretter blir dei arrangert i Noreg. No blir det heller Gol enn Roma, seier Stølen til På Høyden.

Dei var 21 menneske som reiste til Roma hausten 2017.

Utlandet uaktuelt

Vedtaket er enkelt og greitt eit klimatiltak. Generelt er rektoratet i gang med å gå gjennom si eiga reiseverksemd med sikte på tøffare prioritering.

For rektorane i Oslo er det no heilt uaktuelt å legge planleggingsmøter til for eksempel London, slik rektoratet i Bergen gjorde i januar.

«Bærekraftsarbeid kan ikke bare være et tema i festtaler, men må integreres i hverdagen», skriv Stølen saman med viserektor Åse Gornitzka i eit innlegg på UiOs rektorblogg. Og vidare: (…) hver enkelt av oss må mobilisere for å dramatisk kutte klimagassutslippene».

– Ja, dette gjeld også meg, seier Stølen.

Ved UiO startar no eit arbeid med å kartlegge miljøsituasjonen ved universitetet, med særskilt vekt på klima. Når dette er fullført 1. mai, startar tiltaksarbeidet for alvor. Ifølgje Stølen handlar det om både bygningar, innkjøp og fondsforvaltning. «Men det handler også om ting vi kan føle på kroppen, som vår egen reisevirksomhet», skriv han.

–  Vi kjem raskt inn på korleis vi skal nærme oss problemet rundt flytransport. Vi treng kulturforståing på tvers, og vi kan ikkje slutte å reise. Men kanskje må færre reise, eller legge meir inn i kvar reise. Dette er viktig å ta tak i, seier Stølen.

NTNU: Rektor vil skype meir

Også på Noregs største universitet, NTNU, er ein ny miljøhandlingsplan under utarbeiding der klimatiltak står sentralt. I fjor la eigedomssjef Lindis Burheim og miljørådgivar Christian Solli fram forslag om å innføre intern avgift på flyreiser, tilsvarande minimum 100 kroner per tonn CO2. Dette vil kunne gjere flyreisene ti prosent dyrare.

– Det ville vere rart å sjå bort ifrå at transport og reiser er ein stor del av klimafotavtrykket ved NTNU, uttalte Solli til Universitetsavisa i fjor haust.

Ifølgje rektor ved NTNU, Gunnar Bovim, startar no ein dialogrunde på fakulteta for å hauste innspel til korleis universitetet kan få redusere sine klimautslepp. Det skjer same år som NTNU har sitt «internasjonale år», med ekstra satsing på internasjonalisering.

– Vi ønskjer meir samarbeid med andre land, samstundes må vi bli meir bevisste på korleis vi reiser, sidan dette utgjer den største delen av klimautsleppet. Vi skal ikkje isolere oss, men vi jobbar mykje med å utvikle andre løysingar som kan spare oss for reiser, seier Bovim til På Høyden.

Bovim seier det er uaktuelt å legge møter for rektoratet utanlands, og han reknar også med å reise mindre i år enn i fjor. Fleire møter enn før skal skje på Skype.

I ein kronikk i Adresseavisen om NTNUs «klimadugnad» skreiv Bovim nyleg at det «er vanskelig å bli tatt på alvor dersom vi ikke selv handler i tråd med kunnskapen vi formidler til våre studenter og eksterne samarbeidspartnere».

– Det er heilt klart viktig at vi som universitetsleiarar set dette på dagsorden, og også ser på våre eigne klimafotavtrykk, seier Bovim.

Regjeringa: - Bør aktivt prioritere

Forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø, annonserte på kontaktkonferansen for leiarar i UH-sektoren tidlegare i år at regjeringa forventar at universiteta får ned klimagassutsleppa sine.

Statssekretæren hennar, Rebekka Borsch, seier til På Høyden at flyreiser er ein viktig del av dette.

– Vi kommenterer ikkje enkeltpersonar sine flyreiser, men generelt forventar vi at alle og ein kvar i sektoren bidrar til å få ned klimagassutsleppa. Dette inneber for eksempel ei vurdering av kva flyreiser ein kan kutte ut og i staden gjennomføre andre tiltak, som videokonferansar, seier Borsch.

Statsråd Nybøs reiseprogram er av den moderate sorten, samanlikna med universitetsrektorane. Ho har åtte reiser på programmet i første kvartal. Berre ei av dei går til utlandet (London).

– Ein kan ikkje slutte å reise, men fleire bør meir aktivt vurdere og prioritere reisene, seier Borsch.

UiB: vurderer skogkjøp

Universitetet i Bergen skal ifølgje sin miljøplan for 2018-2022 «implementere en klimavennlig policy/ retningslinje for reiser, bl.a. med retningslinjer for flyreiser». Tiltaket var sett opp som eit delmål for 2018. Til liks med UiO og NTNU er også UiB i gang med skaffe meir presise data for reiseverksemd og klimautslepp.

Ifølgje rektor Dag Rune Olsen skal nye retningslinjer for reiser leggast fram som styresak i løpet av våren. Der vil det også komme forslag om at UiB skal kjøpe klimakvoter for å kompensere for flyreiser. Etter eit møte med UiBs eige Senter for klima og energiomstilling (CET) i januar, sa  rektor at retningslinjene for klimavennleg reising som CET har utvikla skal gi innspel til eventuell justering av retningslinjene for UIB generelt. Ifølgje Olsen er også skogkjøp som kompenasjon for utslepp til vurdering. 

I CETs retningslinjer er det mellom anna lagt opp til at ein skal forplikte seg til å «bruke transport med lågast mogleg utslepp» og «redusere unødvendig reising».

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed