Kongen kjem ikkje – men det gjer Erna

Publisert:14. februar 2019Oppdatert:14. februar 2019, 12:07
Statminister Erna Solberg har besøkt UiB ved fleire høve. Dette biletet er frå studiestart i 2015.

Kongehuset har takka nei, men statsministeren kjem når Universitetsmuseet har nyopning i oktober.

«Jeg er videre blitt bedt om å meddele at det dessverre ikke lar seg gjøre med kongelig tilstedeværelse under arrangementet».

Det skriv Det kongelege hoffet i eit brev til UiB-rektor Dag Rune Olsen. Kongefamilien vart invitert til nyopninga av Universitetsmuseet sine naturhistoriske samlingar, og takkar for dette. Men dei kjem altså ikkje.

Nasjonal interesse

– Me meiner at dette er ei hending av nasjonal interesse, og då synest me det er naturleg å invitera statsoverhovudet, seier Dag Rune Olsen.

– Om ikkje kongen sjølv hadde høve til å koma, kan det jo tenkjast at han har nokre andre i porteføljen sin som kunne koma til Bergen.

Dronning Sonja var ved UiB sist i 2017, då Fakultet for kunst, musikk og design vart offisielt opna. Dronninga var òg ved UiB under Abelfesten i 2011. Kong Harald vitja Bergen og UiB i 2017, som ein del av det islandske statsbesøket, og Kronprins Haakon var ved UiB seinast i fjor, under utdelinga av Holbergprisen.

Flytta for Erna

Men UiB har no fått stadfesta at nummer to på ønskjelista kjem. Statminister Erna Solberg har takka ja til å koma. For å få dette til måtte sjølve opningsarrangementet flyttast frå 15. til 14. oktober.

– Me gler oss stort over at statsministeren kjem. Det ryktast at ho har nokre band til denne byen, humrar Olsen.

Eigentleg var planen at museet skulle opna dørene att for publikum i juni, men opninga er altså flytta til hausten. Som På Høyden skreiv før jul, har dei første dyra flytta attende – mellom anna ni kvalskjelett som måtte berast gjennom byens gater.

Vil invitera ordføraren

Kven som elles står på gjestelista til opningsfesten er ikkje klart endå.

– Men byens ordførar står øvst på lista over dei me ønskjer å invitera, seier Olsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed