16 fekk underkjent doktoravhandlinga si i fjor. No vert det lettare å be om ei ny sakkunnig vurdering.

Publisert:5. februar 2019Oppdatert:5. februar 2019, 12:48
Doktorpromosjonen er ein stor dag. Nokre har brukt lang tid på å koma dit - og nokon kjem aldri så langt.

Den nye ph.d.-forskrifta opnar for at fakultetsstyra lettare enn før kan be om ei ny sakkunnig vurdering dersom ein er i tvil om ei doktoravhandling er god nok.

I fjor var det 16 kandidatar som fekk nei då fakultetsstyra ved UiB skulle avgjera om doktoravhandlingane deira var gode nok for disputas. Ein av kandidatane fekk underkjent avhandlinga si for siste gong, og har då ikkje nokon sjanse til å levera på nytt. Kandidaten er ein av to som har klaga sakene inn for Den sentrale klagenemnda ved UiB. Det kan du lesa meir om i På Høyden seinare i veka.

16 underkjenningar er ein liten auke samanlikna med dei siste åra. I 2016 var det 14 kandidatar som ikkje vart godkjende for disputas då dei leverte første gong, i 2017 var det 12. I fjor var det 220 kandidatar som disputerte og fekk godkjent doktorgrad, men det er viktig å merka seg at nokre av dei som fekk underkjent i 2018 kan koma til å levera på nytt – og koma i mål.

Kan be om nye sakunnige

Når ei avhandling er levert, er det først ein sakkunnig komite som skal lesa, vurdera og koma med ei innstilling. Denne vert sendt, med eller utan merknader frå kandidaten, til fakultetsstyret. I den nye ph.d.-forskrifta, som vart vedteken av universitetsstyret ved UiB i november i fjor, heiter det at «På grunnlag av bedømmelseskomiteens innstilling fatter fakultetet selv vedtak om hvorvidt en ph.d.-avhandling er verdig til å forsvares. Dersom fakultetet selv finner at det foreligger begrunnet tvil om komiteens innstilling eller dersom komiteen avgir delt innstilling, kan fakultetet selv søke nærmere avklaring fra bedømmelseskomiteen eller oppnevne to nye sakkyndige som avgir individuelle uttalelser om avhandlingen».

Dette er ei endring frå den gamle forskrifta. Då var regelen at berre dersom innstillinga kom til fakultetsstyret med dissens frå komiteen, slik ho gjorde i ei sak ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet i fjor, kunne styret be om ei ny vurdering. I saka frå SV, som var ei andregangsunderkjenning, enda det med godkjenning og disputas.

Av og til kan ein kjenna seg litt makteslaus.

Kjetil Berg Henjum sit i fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet, og var med på å handsama ei sak om andregangsunderkjenning der i fjor. Fordi det ikkje var dissens i komiteen kunne han ikkje be om to ny sakkunnige – slik han håpa. Forslaget hans om å oppnemna ny komite vart – ikkje uventa – nedstemt.

– Når ein som fakultetsstyre får ei sak der innstillinga er at ei doktoravhandling skal underkjennast, les ein papira godt. Me har jo ikkje nødvendigvis fagkompetanse, men passar på at vurderinga heng saman og at forskrifta vert følgt, seier Henjum.

– Kjenner ein på eit ansvar?

– Ja, men ein kjenner kanskje ikkje alltid nok på det. Av og til kan ein kjenna seg litt makteslaus. Sakspapira kjem med kort frist, så ein må stola på det den sakkunnige komiteen har sagt. Det er sjølvsagt enklare å gå grundig inn i vurderinga dersom det er eit fagområde ein kjenner sjølv, seier Henjum, som er førsteamanuensis i tysk språkvitskap.

Førsteamanuensen peikar på at det ikkje berre er i saker om doktorgradsavhandlingar fakultetsstyret røystar for ei innstilling.

– Det vert lett til at ein røystar for det som kjem frå leiinga. Så kan ein stilla spørsmål ved om det er sunt. Nokre gonger kunne ein nok vore meir kritisk.

Kan gjera mindre endringar

Dersom avhandlinga du har levert ved UiB vert underkjent, har ein høve til å levera på nytt ein gong. Ved UiO er reglane annleis. Der heiter det at den sakkunnige komiteen, på bakgrunn av avhandlinga og eventuelt tilleggsmateriale, kan tilrå at fakultetet gir løyve til ei mindre omarbeiding før dei kjem med endeleg innstilling. Fristen er seks månader, og dersom komiteen finn at store endringar kring teori, hypotese, materiale eller metode trengs, skal avhandlinga underkjennast. NTNU opnar òg for ei mindre omarbeiding, som ikkje kan ta meir enn tre månader. Det same er regelen ved Universitetet i Tromsø.

UiB sin prorektor Margareth Hagen seier at ein slik regel var noko som vart diskutert då ph.d.-forskrifta vart revidert i fjor, men det kom ikkje inn i denne omgang.

Når ein tek bachelor- og mastergrad kan ein klaga på karakterane ein får. Men ein kan ikkje klaga på ei underkjent doktorgrad. Det einaste alternativet er Den sentrale klagenemnda, og då handlar det som sjølve sakshandsaminga. Deretter kan ein ta saka til sivilombodsmannen, som tidlegare har handsama ei sak om doktorgrad frå UiB.

– Det er veldig vanskeleg å sjå føre seg klagerett på ei doktorgradsavhandling, seier Hagen.

– Kvifor?

– Det handlar mellom anna om komiteen si rolle ved ei underkjenning. Dei skal òg kunne rettleia kandidaten til å levera eit fornya og betre arbeid.

Hagen peikar på at kandidatane har rett til å koma med merknader til den sakkunnige vurderinga, og dei har òg rett til å levera på nytt.

– Du har tidlegare vore dekan. Korleis jobbar fakultetsstyret med underkjenningssaker?

– Sjølv om dei som sit i fakultetsstyret ikkje nødvendigvis har kompetanse innan dei einskilde områda, har ein tekstkompetanse. Ein ser om resonnementet i innstillinga held mål og skal sjå til at komiteen har gjort eit godt nok arbeid. Og dersom fakultetsstyret er i tvil har ein høve til å gå vidare med saka, seier Hagen.

Meiner fagmiljøet må ta ansvar

Sofie Marhaug er stipendiat og representerer gruppe B i universitetsstyret.

– Det er merkeleg dersom UiO skal ha ein meir liberal praksis enn UiB, seier ho, og viser til at ein ved hovudstadsuniversitetet altså kan gjera mindre endringar og levera på nytt – utan at ein då brukar opp begge sjansane ein har til å levera avhandlinga. Det same er fast praksis ved amerikanske universitet, seier Marhaug.

Prorektor Hagen seier at det er logisk å ha nokre underkjenningar når det vert levert så mange avhandlingar som det vert ved UiB. I fjor sa Roland Jonsson, prodekan for forskarutdanning ved Det medisinske fakultetet, at ein bør ha nokre underkjenningar. Ein vil ikkje få eit rykte på seg for å sleppa alt gjennom. Marhaug er ikkje usamd i at nokre avhandlingar skal underkjennast. Men ho er oppteken av kva som skjer etterpå.

– Eg meiner at rettleiar må ta eit større ansvar for nokre av sakene der det endar med underkjenning, både før levering, men òg etterpå, seier Marhaug.

– Ja, ei avhandling er den einskilde kandidaten sitt ansvar, men eg meiner at både rettleiar og fagmiljøet òg har ei viktig rolle. Rettleiar må på den eine sida vera tydeleg og gi beskjed dersom dei meiner at ein ikkje kan levera når ein sjølv har tenkt. I tillegg bør både rettleiar og resten av fagmiljøet sikra oppfølging og tilbakemelding, til dømes ha ein meisterklasse ei tid før levering der avhandlinga vert diskutert, seier Marhaug.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed