Vil ha brei debatt om opne kontorlandskap

Publisert:21. januar 2019Oppdatert:21. januar 2019, 06:00
Morten-Christian Bernson og Randi Heimvik arrangerer møte om opne kontorlandskap.

Dei tillitsvalde ved UiB vil løfte debatten om opne kontorlandskap til eit nytt nivå. Kampen står om kva arbeidstilhøve ein skal byggje for framtida.

– Folk er opptatt av å få cellekontor, men vi treng ikkje 20 kvadratmeter kvar, seier Morten-Christian Bernson.

Nestleiaren i Norsk tenestemannslag ved UiB er uroa over den statlege arealnormen, som seier at kvar tilsett ikkje skal ha meir enn 23 kvadratmeter plass, inkludert fellesareal. Det gir ikkje rom for cellekontor, slik at nye, statlege kontorarbeidsplassar blir i ulike former for opne kontorlandskap. Arealnormen er ikkje forankra i forsking, slik På Høyden har dokumentert det.

Ved Høgskulen på Vestlandet blir nye bygg oppført etter arealnormen, og ved Universitetet i Bergen skal arealnorma brukast når universitetsdirektør Kjell Bernstrøms plan om å samle heile sentraladministrasjonen i eitt bygg skal gjennomførast. Ved NTNU har rektor Gunnar Bovim gått bort frå ideen om å la arealnormen gjelde ved nye bygg.

Samlar ekspertar på kontorlandskap

Onsdag 23. januar arrangerer fagforeiningane eit debattmøte i Universitetsaulaen der nokre av dei fremste norske ekspertane på kontorlandskap deltek. Overlege Jan Vilhelm Bakke i Arbeidstilsynet og Knut Inge Fostervold, førsteamanuensis i psykologi ved UiO, har gått gjennom forskingslitteraturen om ulike former for kontorlandskap, og er kritiske til trenden. Psykolog Oddvar Skjæveland har doktorgrad i arkitekturpsykologi, og er dagleg leiar i Mellomrom Arkitekturpsykologi. Selskapet har fleire kundar blant institusjonar som skal byggje opne kontorlandskap. Frå UiB stillar assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden, som leiar prosessen med å byggje om for å samle administrasjonen.

Sjølv om skepsisen er stor, er dei tillitsvalde ved UiB ikkje imot opne kontorlandskap eller aktivitetsbaserte kontor.

– Men vi er opptekne av at kontorplassane skal vere basert på kva oppgåver dei tilsette faktisk har, seier Randi Heimvik, hovudtillitsvald ved Parat UiB.

Fryktar dei ikkje får gjort jobben

– Folk synest utforminga av arbeidsplassane deira er veldig viktig. Nokre er veldig imot opne landskap, og nokre er veldig for, seier hovudtillitsvald Jørgen Melve i NTL.

– Men vi opplever ofte at avstanden mellom planane og realiteten i slike prosjekt er stor: Forskinga viser jo at samhandlinga går ned i opne kontorlandskap.

– Mange sit med øyreklokker på når dei sit i landskap. Det blir ikkje så mykje samhandling av det. Og folk er bekymra over om dei vil kunne gjere jobben sin på ein god måte i ope landskap, seier Bernson.

– I opne landskap er det òg vanskeleg å tilpasse arbeidssituasjonen. Dersom folk bruker høyreapparat vil dei få inn alle lydar utan filter. Dei som legg planane tenker ikkje nok på at arbeidsplassane må tilretteleggjast, seier Heimvik.

Vil bli tatt med på råd

Forsking har vist at arbeid som krev djup konsentrasjon best skjer i cellekontor. I aktivitetsbaserte løysingar kan effektiviteten vere 30 prosent lågare enn ved cellekontor, skriv Fostervold og Bakke i ein kronikk i På Høyden.

– På IT-avdelinga, der eg jobbar, er mykje av arbeidet konsentrasjonskrevjande. UiB har ein ganske stor del med høgt utdanna og kompetente folk. Dei bør få vere med på å påvirke løysingane som blir valde, meiner Bernson.

– Tradisjonelt har UiB vore ganske dårlege på å involvere tilsette og fagforeiningar. Ofte blir vi først inviterte etter at ombyggingar er ferdige, seier Melve, som håper at denne prosessen blir betre.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed