Ny isbrytar i hardt ver i Antarktis

Publisert:15. januar 2019Oppdatert:15. januar 2019, 06:00
Isbrytaren Kronprins Haakon prøver seg no for første gong i skikkeleg dårleg ver i Drakestredet mellom Sør-Amerika og Antarktis. Biletet er frå eit tidlegare tokt. Foto: Andreas Wolden / Havforskingsinstituttet

Forskingsisbrytaren Kronprins Haakon har tidvis måtta liggje i ro i verdas truleg aller mest verharde havområde.

Det nye flaggskipet til norsk hav- og polarforsking har sia fredag vore på veg mot Antarktis, der fartøyet saman med andre fiske- og forskingsskip skal kartleggje mellom anna krillbestanden.

Men nett no stampar skipet til 1, 4 milliardar kroner seg gjennom Drakestredet, det ville havområdet mellom Ildlandet lengst sør i Sør-Amerika, og Den antarktiske halvøya, som strekker seg nordover, slik at det blir eit innsnevra havområde både bølgje- og vindsystem skal pressast gjennom.

Mest ugjestmilde staden på kloden

– Dei har hatt ein del dårleg ver, som forventa. No prøver dei å tråkle seg gjennom Drakestredet med minst muleg skader. Akkurat no er dei på det som antakelig er den mest ugjestmilde staden på kloden, fortel rederisjef Per Wilhelm Nieuwejaar ved Havforskingsinstituttet (HI).

– Dei er undervegs og det går greitt, men på grunn av det valdsame veret og sjøen må dei ta det litt pø om pø, seier Nieuwejaar.

Sjøen slår over båten

Dette er første gang det nye forskingsskipet får prøve seg i litt hardt ver.

– Det er alltid dårleg ver i Drakestredet. Det er eit vindsystem som går rundt og rundt Antarktis som dei må kave seg gjennom, forklarer rederisjefen, som er trygt plassert i Bergen mens kollegaene stampar i seg mot Antarktis.

– Båten er veldig stabil, og rullar ikkje. Det gjer at sjøen slår veldig mykje over båten, og den har ganske lavt fribord akter, og det må vi ta omsyn til, seier Nieuwejaar.

Den norske havforskingsekspedisjonen til Antarktis har vore planlagt i fleire år, og isbrytaren er fullasta med utstyr til diverse målingar og observasjonar.

– Vi må sikre at ikkje noko blir røska av og forsvinn på havet. Båten er aldeles utmerka å opphalde seg i inni, men det er ganske fuktig på dekk.

Må forbi stredet fleire gonger

Vinden er ikkje sterkare enn stiv kuling til sterk storm, men fordi bølgene får byggje seg opp over lange avstandar blir sjøen uvanleg grov.

Forskingsskipet må dessutan passere det berykta havområdet fleire gonger, ettersom toktet er delt i to, og dei må tilbake til Punta Arenas i Chile for å byte mannskap.

– Dei skal bakse seg opp igjen og tilbake, og det blir spennande å sjå korleis ting fungerer. Det er ein ny båt, og mykje skal klaffe. Når du gjer noko nytt må du alltid vere førebudd på at det ikkje går heilt etter planen.

Kurslinjene til fartøya som deltek i toktet, Kronprins Haakon er raud. Fartøya representerer Norge, Association of Responsible Krill fishing companies (ARK), Storbritannia, Ukraina, Korea og Kina.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed