Notisbøker til verdskjend kunstnar ligg i Bergen

Publisert:1. februar 2019Oppdatert:1. februar 2019, 12:02

Denne godbiten frå Manuskript- og librarsamlinga har ikkje vore registrert ved Spesialsamlingane tidlegare. Det er fire notisbøker av den verdskjende vestlandsmålaren Anders Monsen Askevold (1834-1900). Her finn vi kladd til mange brev og motiv til seinare måleri.

Dei fire notisbøkene er frå tida desember 1879 og ut 1883. Og det er nettopp her vi finn den viktigaste dokumentasjonen vi i dag har om utstillingane og dei mange forretningsbreva til Askevold frå desse åra. Notisbøkene var viktig grunnlagsmaterialet i boka om kunstmålaren, skriven av Sigurd Askevold i 1993, som er basert på brevsamlinga til Askevold. Dette året vart notisbøkene gjeve til Dag Sveen, Kunstinstituttet ved Universitetet i Bergen. Vi kjenner ikkje til kva tid bøkene vart mottekne ved Spesialsamlingane.

Anders Askevold var fødd i Askvoll i Sogn og Fjordane. Allereie som 13-åring kom han til Bergen og her starta målarutdanninga hans. Han er mest kjend for fargerike motiv med  kyr og vestlandsk landskap. Mange motiv er minner frå barndomen i Askvoll, her var han gjetargut saman med sysken og kameratar.

90 skisser og kladd til 100 brev

Notisbøkene er ikkje dagbøker. Her er det kladd til nærmare 100 brev som Askevold skreiv i åra 1879-1883. Innimellom er det eit 90-tals blyantteikningar av mellom anna buskap og gjetarar, personar, stølsliv, reiskap,  og landskap med fjordar og bratte skrånande fjell. Fleire av skissene er utkast til målarstykke som han arbeidde med. Karakteristisk for Askevold var at dersom eit motiv selde godt, så målte han det straks om att, men med nokre små endringar. Difor ser vi ofte fleire variantar av etterspurde motiv. Å måle heilt nye motiv tok lengre tid og kunne medføre økonomiske vanskar.

I notisbøkene finn vi også kvardagslege notat som innkjøp av målarsaker og matvarer, reiseutgifter, oversikt over inntekter frå ulike kunstforeiningar og kunsthandlarar, budsjettoversikt og avskrift av avisartiklar som handlar om arbeidet hans.

«Undskyldning fordi jeg ikke har skrevet för»

Frå notisbøkene til Anders Askevold kan vi lese at timane med dagslys vart omtrent berre nytta til å måle, og brevskrivinga vart lagt til tidleg og seint på dagen. Vi får vite ein god del om ein kunstnar med stor arbeidskapasitet. Han kladda breva sine, og det er desse kladdane vi finn att i bøkene, men enkelte er ikkje så lett å tyde. Han skreiv og teikna med mjuk skisseblyant. Ofte er teksten streka over, viska ut, eller det er brå slutt i ein setning. Såleis er enkelte brev litt ufullstendige. Her og der er det notert dato for utstillingar og andre viktige ting som skal hugsast. Det er påfallande at mange brev startar med orsaking for at han ikkje har fått tid til å skrive tidlegare.

Breva er for det meste forretningsbrev. Mange er stila til  kunsthandlar C. W. Blomqvist i Christiania, som var den som selde dei fleste måleria  til Askevold. Det er også ei rekkje brevkladdar til direktørar av ulike kunstforeiningar i Noreg. Askevold sende måleri til dei viktigaste utstillingane i Europa og Amerika. Slik vart han endå meir kjend og det vart større inntekter som kunne nyttast til familien. Men det var i Noreg han selde dei fleste måleria sine.

«Uden Mad og Øl er helten ingenting»

I fleire brev kan vi lese om pengevanskar, særleg i brev til konsul A. W. Greve,  ein av Askevold sine viktigaste kundar i Bergen. Greve var ein av mange som skulda pengar til Askevold, og det er fornøyeleg lesing. I fleire av breva minner Askevold på ulike måtar om manglande betaling. I desperasjon starta han eit av breva på denne måten: «Uden Mad og Øl er Helten ingenting. – Og naar dette gaar med en Helt, hvorledes skal det da ikke gaa med en Kunstner, der vel er langt ringere?…» Det gjorde ikkje situasjonen betre at det vinteren 1882 i lang tid hadde vore så mørkt og tungt vêr at det hadde vore umogeleg å kunne fullføre eit einaste bilete.

Dialekt

Breva er skrive på riksmål-dansk og nokre få er kladda på tysk. Berre på ei side i notisbøkene finn vi nokre få linjer på dialekt, ei blanding av sunnfjord- og bergensdialekt. «Korlessen æ da no;? Ekje der nokken, so ve ha Støkkene mine denne gangen? Saa faar vi sende dem andetsteds hen».


Dateringa er Skagen 17. mai [1882]. Askevold var vide kjend for opplesingar på sunnfjorddialekt som han snakka flytande, ikkje minst då han budde i Bergen og var aktivt med i mållaget Vestmannalaget.

Studiereise til Noreg

Notisbøkene starta seinhausten 1879 då Askevold og familien flytte til Düsseldorf. I fleire brev nemner han behov for idear til nye skisser frå heimlandet, og sommaren 1883 reiste han på studietur til Noreg. Han var heimom foreldra i Askvoll, men var også i Bergen og ei tid i Voss. Her budde han hjå Ole og Aslak Istad.

Frå denne reisa finn vi att mange naturskisser, motiv som han seinare bruke i måleri. Vi finn også notat om ulike utgifter frå reisa, alt frå drosje, berar, overvekt av bagasje og  matutgifter. På turen kjøpte han også med presangar til kona Cathinka og ungane: Gameloste 9.12 Kr, Mysoste 9.25 Kr og Spegekjöd 8.65 Kr

«Skovenes Indflydelse paa de klimatiske Forhold»

Berre tre av breva er private, og dei er alle til foreldra heime i Askvoll. Også her vart breva kladda på dansk-norsk. I eit brev han starta på 1. påskedag i 1882 får vi vite litt om det daglege livet til Askevold. I lang tid hadde han vore så travelt oppteken at han ikkje hadde hatt tid til å svare på siste brevet frå foreldra. Det hadde vore eit år med knappe inntekter, og han hadde vanskar med å underhalde ein stor familie. Men derimot fekk han «all önskelig Paaskjönnelser» for arbeida sine.

Deretter kjem han inn på noko heilt uventa i brevet. Han viser til nyare vitskap om at skogen  har innverknad på klimaet. Han nemner fleire land rundt Middelhavet der skogen no var borte, og det førde til at område ikkje lenger kunne dyrkast, «saa den Befolkningen lever i yderste Nöd og Fattigdom».

Gjennom notisbøkene får vi eit godt inntrykk av den store arbeidskapasiteten til Anders Askevold. Det er registrert over 950 av arbeida hans, truleg finst det enno fleire. 

Litteratur:

Askevold, Sigurd 1993. Kunstmaleren Anders Monsen Askevold (1834-1900). Hans liv og hans verk. En biografi. Creston, Canada.

Jerdal, Ludvig 1993. Bokverk på tri språk um målaren Anders Askevold. Gula Tidend, 24. november 1993.

Warberg, Thor 2013. Anders Askevold. Vestlandsmålaren. Selja forlag.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed