Kunst til fleire hundre tusen stole frå UiB

Publisert:14. januar 2019Oppdatert:14. januar 2019, 16:17
Sju av desse akvarellane er stolne. Bileta er malt av Kjartan Slettemark spesielt til bygget i Christies gate 12. Foto: UiB

Politiet blei først varsla etter ein månad då det blei oppdaga at sju Slettemark-akvarellar var fjerna frå Christies gate 12.

Tyveriet blir no etterforska av politiet. Heile serien på tolv bilete er verdsett til 2-300 000 kroner, skriv bt.no.  

Bileta hang i ein korridor i Christies gate 12, der Det psykologiske fakultetet held til. Serien med fargerike bilete blei malt av Naustdalkunstnaren Kjartan Slettemark i 1996. Tittelen på serien er “Kjerringa med staven”, og Slettemark malte dei med mopp, iført kjole. 

I byrjinga lurte dei tilsette på om bileta var fjerna fordi veggen skulle malast. 

– Kvifor tok det så lang tid før de melde saka til politiet? 

– Me lurte først på kva som hadde skjedd, seier fakultetsdirektør Ørnulf Lillestøl til På Høyden.

– Seinare har med diskutert korleis me skal gå vidare med saka. No er det ei stund sidan me melde saka, seier han. 

Ingen kamera

Tjuveriet blei oppdaga ein mandag i oktober. 

Rådgivar Arne Magnus Morken ved faktultetsdirektørens stab trur tjuvar helga før har gått inn, skrudd ned bileta og tatt dei med seg. Det er ikkje overvakingskamera i området, då universitetet har som politikk å ikkje kameraovervake areala. 

– Det er viktig for oss å ha eit ope universitet, men då ventar ein òg noko svinn. Etter at rusmiljøet flytta frå Nygårdsparken er det blitt betre, men ein har vore vant til at ting blir borte, sjølv om det ikkje skjer så ofte med kunstverk. Men vi ønskjer likevel at bygga våre skal vere opne, seier Morken til BT

Den seine meldinga til politiet har gitt dei lite å jobbe vidare med. 

– Då tjuveriet blei meld i haust var det ingen spor å sikre på åstaden. Vi har forhøyrd oss og gjort undersøkingar, men har ingen spor å gå etter, seier politiførstebetent Even Magnus Aspli. 

Fleire tjuveri

No ønskjer politiet at bileta skal bli kjende i media, slik at folk kan melde frå dersom nokon prøver å selje dei. 

Ved Göteborgs universitet blei Slettemark-skulpturen “Visst é jag läcker” stolen i desember. I romjula blei statua av SiB-katten stolen frå eit podium utanfor Studentsenteret.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed