Dekan og direktør på juss på CO2-toppen

Publisert:14. januar 2019Oppdatert:15. januar 2019, 09:38
Dekan på Juridisk fakultet, Karl Harald Søvig (til høgre) meiner alle reisene hans i 2018 var nødvendige. Her er han på leiarsamling for UiB på Solstrand hotell i Os i 2017 saman med Anne Lise Fimreite og Jan Erik Askildsen, dekan på SV-fakultetet. Foto: Dag Hellesund

Toppleiarane på Juridisk fakultet ved UiB hadde nær fem gonger større klimaavtrykk enn dekan og direktør på Matematisk-naturvitskapeleg fakultet.

Karl Harald Søvig, dekan ved Juridisk fakultetet, etterlet seg kring 12,5 tonn klimagassar på jobbreisene sine i 2018. Med det er han på klimagasstoppen blant dei øvste akademiske leiarane på fakulteta ved Universitetet i Bergen (UiB).

Etter Søvig er det direktør og dekan på Medisinsk fakultet som sit mest og lengst på flyet. Dekan Per Bakke reiste 23 tur/retur-reiser med fly i 2018 og etterlet seg 11,5 tonn CO2-ekvivalentar. Slått saman med direktør Heidi Espedals reiser, er leiarane på medisin sitt klimaavtrykk på cirka 16 tonn.

Få reiser, tungt avtrykk

Rekorden for utslepp i forhold til talet på flyreiser har direktøren ved Juridisk fakultet, Øystein L. Iversen. Han hadde berre fem jobbreiser med fly i 2018. Med det er han blant dei som gjorde færrast flyreiser blant direktørar og dekanar ved UiB. Men alle reisene gjekk utanlands, og han reiste langt – Australia, Kina, New Zealand, Spania, USA.

Klimafotavtrykket blei dermed eitt av dei største: 10,5 tonn CO2-ekvivalentar. I 2017 var det totale klimaavtrykket til ein gjennomsnittsnordmann 8,4 tonn.

Dei fem utanlandsreisene til juss-direktør Iversen var nok til å setje like stort klimaavtrykk som universitetsdirektør Kjell Bernstrøm hadde på sine 23 flyreiser i løpet av eit år. Eller sagt på ein annan måte: Reisene svarer til godt over 100 flyreiser mellom Oslo Bergen.

Også samanlikna med fakultetsdirektørane ved Universitetet i Oslo (UiO) er jus-direktøren ved UiB på CO2-toppen.

Mat.nat.-dekan reiste minst

I den andre enden av skalaen, På Matematisk-naturvitskapeleg fakultet (mat.nat) ved UiB, har direktør Elisabeth Lysebo etterlete seg 1,6 tonn på jobbreiser i løpet av fjoråret.

Dekan på mat.nat., Helge K. Dahle, har det lågaste klimafotavtrykket blant dei øvste akademiske leiarane på fakulteta med knappe 3,5 tonn. Samla har Dahle og direktør Lysebo dermed mellom fire og fem gonger lettare klimabagasje enn kollegaene på Juridisk fakultet.

På Høydens gjennomgang omfattar ikkje visedekanar og underdirektørar.

Tiltaka manglar

I ein serie artiklar har På Høyden sett nærare på klimaavtrykka i universitets- og høgskulesektoren. Flyreiser er den største kjelda til utslepp av klimagassar frå institusjonane, men få eller ingen tiltak er så langt innført for å redusere denne delen av utsleppa.

Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, vart med si omfattande reiseverksemd klimaversting blant rektorane i Noreg i 2018. Samstundes er berekraft ein av grunnsteinane i strategien til universitetet, som har sett seg som mål å bli såkalla klimanøytralt innan 2030. UiB vurderer, som det einaste av dei store forskingsuniversiteta i Noreg å kjøpe klimakvotar for å nå målet.

Men ifølge professor ekspert på klimapolitikk og berekraftig reiseliv, Carlo Aall, er kvoter avleggs og berre ein måte å utsetje problemet på.

På Høyden har også vist at NHH, som ifølgje rektor Øystein Thøgersen er «gode på bærekraft og klimaøkonomi», fullstendig manglar tiltak for å redusere klimagassutslepp.

Blant alle både akademiske og administrative leiararpå universiteta, både ved UiB, Universitetet i Oslo og NTNU, er det store sprik mellom dei som reiser mest og dei som reiser minst.

Aller minst ved UiB reiste eigedomsdirektør Even Berge. Han hadde fire flyreiser i 2018, alle til Oslo, og har med det det lågaste klimaavtrykket. Blant dekanane hadde Helge K. Dahle på mat.nat. det lågaste klimaavtrykket.

– Ikkje fornøgd med å ha reist minst

Dekan på mat.nat., Helge K. Dahle, er ikkje spesielt fornøgd med å vere den som har reist minst.

– Det er ikkje i seg sjølv positivt at eg har lågt klimaavtrykk. Det er svært viktig for oss å vere representert i ulike samanhengar. Vi har eit ganske stort dekanat, og med reiseaktiviteten samla sett, vil eg bli overraska om vi kjem ut med det lågaste klimaavtrykket. Fakultetet er representert på alle viktige arenaer i inn- og utland, men det er ikkje alltid eg som er der. Den samla reiseverksemda er stor, seier Dahle.

Dekan ved Juridisk fakultet på UiB, Karl Harald Søvig, meiner alle dei lange reisene hans i 2018 kan forsvarast.

– Det handlar om å oppretthalde avtalar i utlandet, særleg knytt til studentutveksling. Ingen av desse reisene kunne blitt gjort på annan måte. Fjoråret var spesielt for min del, med fleire oversjøiske reiser, seier han.

– Må legge om måte å jobbe på

Søvig seier han også var invitert til å bli med på reisene til Australia og New Zealand, men valde å ikkje bli med.

– Vi la vekt på at så få som mogleg skulle reise for å få i stand dei avtalane dei skulle. Generelt prøver eg å reise så lite som mogleg, seier Søvig.

Også Helge Dahle meiner han og andre ved fakultetet tenker annleis om flyreiser i dag enn dei gjorde for nokre år sidan.

– Vi må legge om vår måte å jobbe på, omfanget av reiseaktiviteten vi har i dag er ikkje berekraftig på sikt.

På Høyden har brukt klimakalkulatoren til FNs luftfartorganisasjon (ICAO) for å rekne ut klimaavtrykket. Denne inkluderer ikkje andre klimagassar (ekvivalentar) enn CO2, som ved flyreiser utgjer ein vesentleg del av utsleppa som bidrar til global oppvarming. På Høyden har etter råd frå CICERO lagt til 80 prosent på tala. Universitetet i Oslo legg på 90 prosent i sine utrekningar.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed