Sjå dagens spørsmål

Publisert:7. desember 2018Oppdatert:7. desember 2018, 12:14
Ifølgje eigaren av denne grøne greia, er det ein snill salamander. Mora, som tok biletet, er ikkje heilt sikker på det. Men er han Sankt Nikolas sin motpol? Foto: Hilde Kristin Strand

Stian Suppersberger Hamre har gitt ut ei eiga kokebok med julekakeoppskrifter. Her er hans kalenderspørsmål.

Eigentleg er han biologisk antropolog og skjelettekspert, men Stian Suppersberger Hamre er med i På Høyden sin adventskalender fordi han har stor kompetanse på julebakst. I 2012 ga han ut boka «Julens kaker & andre fristelser». I år har På Høyden nemleg invitert nokre forskarar som kan meir om noko «julete» enn oss andre. Dei stiller spørsmål til lesarane. Svarar du rett, kan du vinna ein velsmakande premie.

Dagens spørsmål må me ha svar på innan måndag kl 10. Svaret sender du som vanleg på epost til tips@pahoyden.no

Sankt Nikolas vert feira 6. desember, men enkelte stader i Europa vert ein anna skikkelse markert dagen før. Ein følgesvenn og motpol til Sankt Nikolas som straffar barn som har vore ulydige. Markeringa av denne skikkelsen står sterkast i Østerrike, men er også utbreidd i mellom anna Sør-Tyskland, Tsjekkia, Ungarn og Slovenia. Kva heiter han?

I går var spørsmålet kva julemiddag som har kortast historie. Rett svar er svineribbe. Som fleire heilt korrekt svara, kunne ein ikkje laga denne retten - med sprø svor - før ein fekk støypejernskomfyr på slutten av 1800-talet. Liv Johansen er trekt ut som vinnar, gratulerer!

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed