Meiner jula byrjar for tidleg

Publisert:10. desember 2018Oppdatert:10. desember 2018, 10:07
Mykje i samfunnet er kommersialisert og prega av konkurranse, sukkar Wigdis Espeland. Ho meiner julepynten og juletilboda kjem fram altfor tidleg. Foto: Hilde Kristin Strand

Når det gjeld jul var rett og slett mykje betre før, meiner Wigdis Espeland.

På Høyden treffer Wigdis Espeland ein av dei siste dagane i november. Men sjølv om det strengt teke er nokre dagar att til advent – og endå lenger til jul – er juletreet pynta inne på kjøpesenteret. Espeland sukkar over kaffikoppen.

– I år kom julereklamen fjorten dagar tidlegare enn i fjor.

Espeland kallar seg sjølv emeritusse. Etter eit langt forskarliv på eit institutt som hadde fleire namn – no Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, er ho no pensjonist. Men like fullt velkvalifisert for å vera med i På Høyden sin adventskalender. I år har På Høyden nemleg invitert nokre forskarar som kan meir om noko «julete» enn oss andre. Dei stiller spørsmål til lesarane. Svarar du rett, kan du vinna ein velsmakande premie.

Byrja om hausten

Jul og tradisjonar er noko av det Espeland har forska mykje på.

– Jul er den største høgtida, og tradisjonelt byrjar det allereie om hausten. Då måtte dei som hadde gard slakta. Tida fram mot jul gjekk elles med til matlaging og produksjon av gåver. I denne tida åt ein enkel mat, den gode maten kom ikkje fram før til jul. No trur eg mange er leie av julemat før jul, seier Espeland, og legg til:

– Det er ikkje utan grunn at føredraget eg held, blant anna på senioruniversitet, heiter «Frå faste til fråtsing».

Den pensjonerte amanuensen seier at ho er tradisjonsbunden og oppteken av lokale tradisjonar.

– På mange måtar kan ein dela nordmenn i to folk: Svinefolk og sauefolk, seier ho, og viser til julematen.

Sjølv et ho lutefisk julaftan, og innrømmer at ho unnar seg det før jul òg.

– Men eg et det slik ein gjorde i gamal tid. Då var fisk og lefse vanleg, det hadde ein før ein fekk poteter. Så lutefisken skal etast inni ei potetlefse smurd med godt smør, og så skal ein drikka iskald mjølk til.

 Altså som ei slags tacolefse?

– Det vert vel det. Ikkje bacon og erter og slikt – eg trur mange et mest tilbehør og lite fisk, humrar Espeland.

Motrørsler

Julebord og julereklame og ting som blinkar lenge før desemeber: Espeland har ikkje sansen for det ho meiner er eit gjennomkommersialisert samfunn. Men ho er glad for å sjå det ho kallar motrørsler, der noko mellom anna satsar på å kjøpa brukt. Andre lærer gamle tradisjonar som lefsebaking og ølbrygging.

Dei neste dagane er det Espeland som skal stilla spørsmål til lesarane. Ho byrjar med noko som ikkje er så veldig julete, men ein gamal tradisjon:

Kva er ei nidstang?

Veit du dette kan du senda svaret til tips@pahoyden.no innan tysdag klokka 10.

Tre heldige vinnarar har følgt med gjennom helga, og kan henta seg kvar sin velsmakande premie hos På Høyden: Kikki Kleiven, Kari Juul og Ester Myhre. Gratulerer!

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed