Målte avstand til nytt havforskingsbygg frå statue

Publisert:28. desember 2018Oppdatert:28. desember 2018, 06:00
Christiestatua på Museplass blei rekna som sentrum for UiB då Statsbygg skulle vurdere tomt til Havforskingsinstituttet. Men sentrum for den marine forskinga ved UiB og i Bergen ligg ein heilt annan stad. Foto: Dag Hellesund

Då Statsbygg skulle måle avstanden mellom Universitetet i Bergen og ulike tomtar til Havforskingsinstituttet tok dei ikkje utgangspunkt i den marine forskinga til universitetet, men til det administrative senteret. Dermed blei avstanden kortare til Dokken enn til Marineholmen.

Dette kjem fram av lokaliseringsanalysen som Statsbygg har gjennomført for Nærings- og fiskeridepartementet.

Der blir avstanden mellom Marineholmen og UiB oppgitt til å vere 950 meter. Dokken 3-alternativet, som kom best ut av analysen, blir oppgitt å vere ca. 900 meter frå UiB.

Måler frå statue

Men avstanden frå Dokken 3-tomta til det største fiskerifaglege miljøet på UiB, som ligg på Marineholmen, er rundt 1,4 kilometer. Statsbygg grunngir dette ved at fleire fakultet på UiB kan vere relevante samarbeidspartnerar for Havforskingsinstituttet (HI): både Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, Det medisinske fakultetet og Det juridiske fakultetet. «For UiB regnes derfor avstanden frå midt i universitetsområdet, Christiestøtten på Muséplassen.» skriv Statsbygg i lokaliseringsanalysen.

Ved å definere UiBs plassering som Christiestatuen like ved rektors kontor og Universitetsmuseet, kjem Dokken-alternativa ut på likt med Marineholmen, og får karakteren «god nærhet». Dersom UiB var definert som det marine tyngdepunktet ved universitetet ville Dokken-alternativa kome ut med karakteren «middels nærhet» hos Statsbygg.

Endra frå det opprinnelege

UiBs marine dekan, Jarl Giske, er ikkje i tvil om at tyngdepunktet til UiB er definert på ein slik måte for å gjere Dokken-alternativet betre.

– Opprinneleg var utgangspunktet at ein skulle finne areal som kunne sjåast i samanheng med UiBs marine miljø, men på snedig vis har dei klart å endre kriteria, seier Giske til På Høyden.

Giske er blant dei som har argumentert hardt for at HI burde byggje nytt på Marineholmen. Men HI har ikkje vore interessert i denne tomta, då dei ønskjer å kunne ha forskingsskipa sine like ved det framtidige kontor- og laboratoriebygget.

– Glad for avklaring

– Men eg er glad for at det no er komen ei avklaring. Det er mangelen på dette som har gjort det vanskeleg, meiner Giske.

Dokken-alternativet har ein del uvisse ved seg, då tomtane ligg inne på hamneområdet. Flyttinga av godshamn ut av Bergen ligg mange år fram i tid, men når dette har skjedd er det venta ei omfattande byutvikling i området.

Men at det kan ta tid å få omregulert området til bruk for HI og Fiskeridirektoratet spelar ikkje så stor rolle for den marine klynga i Bergen, meiner Giske.

– No blir situasjonen som før, og då er tidsaspektet mindre viktig.

– Men ser du ikkje at det kan bli ei samanhengande marin klynge langs Puddefjorden og Damsgårdsundet?

– Det er klart at det er ei oppside. Vi ønskjer at det skal bli ei klynge, og vi ønskjer mykje meir marin verksemd til området. Men det vil vere eit sentrum og ein periferi. Vi hadde håpa at UiB og HI kunne plasserast saman i sentrum.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed