«Eg tror eg trenger litt hjelp med de der ribbeina»

Publisert:18. desember 2018Oppdatert:18. desember 2018, 15:17

Ni kvalar utan kjøt på beinet kom heim til museet. Nedteljinga til opninga av Naturhistorisk museum er i gang.

Det var ein absurd prosesjon gjennom byens gater, seks menn med ein spekkhoggar mellom seg.

Samstundes var det den beste og mest skånsame måten å få spekkhoggaren fram til destinasjonen. Ni tannkvalar har vore i eksil frå Naturhistorisk museum. No er oppussinga komen langt nok til at dei kan komme heim

Nokon er komne heilt frå Kristiansand, der spesialistar har pussa opp beingrindene. Frå Realfagbygget kjem spekkhoggaren og ein del mindre tannkvalar – i tillegg til eit digert hjarte. Hjartet slutta truleg å slå nord for Bergen ein gong mot slutten av 1800-talet. Det er der dei fleste kvalane i den rikhaldige samlinga på museet kjem ifrå.

– Det var ein del kvalfangst på Sotra og i Øygarden på den tida, på Bildøy og i Skogsvågen. Bergens museum, som det heitte den gongen, hadde god tilgang, fortel Terje Lislevand, førsteamanuensis ved Universitetsmuseet – og plukkar opp ein bit av ein ryggvirvel.

Bein er tungt, også gamle spekkhoggarbein. Opp siste trappa til museet, siste kneika, knaka det.

– Eg tror eg trenger litt hjelp med de der ribbeina, seier ein av mennene med spekkhoggaren.

Etter nokre timar er alle skjelett på plass, klare til å bli rigga opp i kvalsalen. Der får dei møte folket igjen ein gong hausten 2019, når museet etter planen – endeleg  - skal opnast igjen.

– Det gjekk bra, dette, konstaterer Terje Lislevand.

– Det fall av nokre bein på vegen, men det var ikkje verre enn at vi får dei på plass igjen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed