Du grøne, glitrande

Publisert:5. desember 2018Oppdatert:5. desember 2018, 13:02
I Jekteviken var treet pynta allereie dei siste dagane i november. Foto: Njord V. Svendsen

Dei første dagane er det kulturvitar Line Førre Grønstad som serverer julete spørsmål i På Høyden sin adventskalender.

Det er adventskalender-tid. I år har På Høyden-redaksjonen invitert nokre forskarar som kan litt meir om noko «julete» enn oss andre. Dei kjem med spørsmål til lesarane, og svarar du rett, kan du vinna ein velsmakande førjulspremie.

Først ut er kulturvitar Line Førre Grønstad, som er stipendiat ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Veit du svaret på dagens spørsmål, sender du det til tips@pahoyden.no innan torsdag kl 10.

Dagens spørsmål:

Kvifor kunne ein seia at ein hausta juletreet, og kva gjorde ein då?

- Ein saga opp treet til fyringsved etter at jula var over.

- Det var når barna tok ned pynten på treet. Sidan mykje var kaker, nøtter og liknande, kunne dette etast.

- Det var å gå ut i skogen og saga ned juletreet som ein skulle pynta til jul.

Gårsdagens spørsmål var når det vart vanleg med peparkaker. Ikkje eit heilt lett spørsmål! Svaret er at ein ved det danske hoffet baka dei allereie frå 1490, men dei er nemnt i Noreg frå 1667. Så 1600-talet er godkjent som svar. Men faktisk vart ikkje kakene vanlege å ha som julekaker før etter andre verdskrigen! Ingrid W. Solhøy er trekt som vinnar, gratulerer.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed