BFS-vinnar skal forske på Vestland fylke

Publisert:5. desember 2018Oppdatert:5. desember 2018, 14:03
Arjan Schakel og Selina Våge har fått BFS Starting Grant for 2018. Foto: Melanie Burford/Silvereye Pictures

Dei to prisvinnarane vil få rundt 35 millionar kronar tilsaman over ein fireårsperiode.

Halvparten av pengane kjem frå Bergens forskningsstiftelse (BFS), og halvparten frå UiB. BFS har delt ut 972 millionar kroner til forskingsformål sidan starten i 2004. Pengane er gitt av Trond Mohn og familien. 

I år blei det berre delt ut to stipend, mot vanlegvis tre eller fire. 

Arjan Schakel får finansiering til prosjektet Strengthening Regional Democracy – Contributing to Good Democratic Governance. Han og laget han skal byggje opp vil forske på prosessane som byggjer oppunder eit vellukka, regionalt demokrati. Schakel har spesialisert seg på regional politikk, og samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane til Vestland fylke i 2020 blir eit tema i forskargruppa. 

– Dette er eit høve ein berre får ein gong i livet, seier Schakel i ei pressemelding. Han er no førsteamanuensis ved Universitetet i Maastricht. 

Selina Våge skal studere korleis biodiversitet og komplekse næringsstrukturar kan oppstå. Målet med prosjektet Self-Similarity in Ecosystem Organization – From Simple Laws of Microbial Ecology to Scale-Invariant Theory of Ecosystem Complexity (SIMPLEXer å utvikle ein teori som forklarer både biodiversitet innanfor ein art, næringsstrukturar i eit økosystem, og biomassefordeling i heile biosfæren. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed