Bake, bake, bake, bake…

Publisert:4. desember 2018Oppdatert:4. desember 2018, 10:33
For mange barn er dette julekaka framfor nokon, i alle fall med pynt på... Foto: privat

Dei første dagane er det kulturvitar Line Førre Grønstad som serverer julete spørsmål i På Høyden sin adventskalender.

Det er adventskalender-tid. I år har På Høyden-redaksjonen invitert nokre forskarar som kan litt meir om noko «julete» enn oss andre. Dei kjem med spørsmål til lesarane, og svarar du rett, kan du vinna ein velsmakande førjulspremie.

Først ut er kulturvitar Line Førre Grønstad, som er stipendiat ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Veit du svaret på dagens spørsmål, sender du det til tips@pahoyden.no innan onsdag kl 10.

I luke tre var svaret at nissen hadde raud lue fordi raudfargen var ekstra staseleg. Nissar og underjordiske var framstilt med finare og betre utstyr enn menneska, og hadde difor raude luer. Dette var det rett og slett ikkje så mange som visste. Kanskje ikkje så rart, for raud nisselue vart brukt under 2. verdskrig for å visa motstand mot okkupasjonsmakta, og Coca-Cola har òg gjort mykje for å gjera nissen til “sin”. Men Unni K. Utvik var blant dei som svara rett, og ho er dagens vinnar. Gratulerer!

Spørsmål nummer 4:

Når kom dei fyrste pepperkakene?

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed