Sette høgt elska pus på sokkel

Publisert:28. november 2018Oppdatert:28. november 2018, 13:29
Eirik Reikerås var ein av inititativtakarane til å få laga ein statue av katten Araya, som hadde tilnamnet SiB-katten. Foto: Njord V. Svendsen

– Fred over minnet, sa kommunikasjonssjefen, og dermed vart statuen av den avdøde katten avduka.

«Den høyt elskede pusen gikk bort mandag kveld», meldte Studvest 4. august. SiB-katten, eller Araya, hadde då levd glade dagar på og ved Studentsenteret, med god tilgang på næring og kjærleik frå studentane som la sin elsk på pusen.

Så glade i katten vart studentane, at kort tid etter dødsfallet starta ein innsamlingsaksjon som no har kulminert i bronsestatuen i 1:1 på plassen framfor Studentsenteret i Bergen.

Dei to initiativtakarane, Eirik Lie Reikerås og Tord Lauvland Bjørnevik, fekk sjølv æra av å løfte det oransje fleece-pleddet og avduke minnemonumentet til tonar frå Musikkselskabet Larmonien. Men også prominensar frå universitetslivet kasta glans over hendinga.

Kommunikasjonssjef i Sammen, Marita Monsen, fortalte i sin tale at dei i Sammen mottok dødsbodskapen med sorg. Araya, den langhåra sibirkatten, frekventerte både den eine og den andre SiB-installasjonen, frå kantine til treningssenter – derfor tilnamnet SiB-katten.

Om katten hadde fått endra namnet sitt til Sammen-katten, får vi aldri svar på. SiB – Studentsamskipnaden i Bergen var midt i ei namneendring då dødsbodskapen kom.

– Vi lyser fred over minnet, sa kommunikasjonssjefen.

Viserektor ved Universitetet i Bergen, Oddrun Samdal, meinte pusen hadde ein viktig funksjon, som terapeut for stressa studentar.

– Han var ein rikdom for studentmiljøet, meinte viserektoren.

Medan SiB-katten, no i sitt tiande liv, taust følgde med.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed