Sender isbrytaren Kronprins Haakon på sel-styrt tokt i Antarktis

Publisert:30. november 2018Oppdatert:30. november 2018, 20:09

Satellittmerka selar avgjer kor FF Kronprins Haakon dreg på tokt i Antarktis.

Etter et tiårs venting har polarforskingsmiljøet i Norge endeleg fått plattformen som bringer forskinga mange steg framover, og laurdag dreg forskingsfartøyet Kronprins Haakon frå Bergen.

Haikar med Hurtigruta

Men fleire grupper med forskarar er allereie sende nedover, og dei har fått haik med Hurtigruta. Tre lag har base på Deception-øya, Nelson-øya og Kopiatic-øya. Derfrå skal dei mellom anna satellittmerke selar. Og selane kjem indirekte til å styre toktet til Kronprins Haakon, ved at skipet vil dra til områda selane svømmer til for å ete krill.

– Då kan vi òg berekne energibudsjettet til selane, og kor mykje krill dei treng for å gjere reisa, fortel Bjørn Krafft, som er ekspedisjonsleiar for krilltoktet.

Toktet går mellom 10. januar og 24. februar, og er styrt av Havforsknigsinstituttet, som fekk ei eiga løyving på 11 millionar kroner på statsbudsjettet for 2019 til toktet.

Krillmat på menyen

– Krill har ein søt, god smak. Eg synest det smaker betre enn hummar, fortel Krafft.

Og sjølv om mykje av arbeidet blir gjort med ekkolodd og andre instrument som gjer at ein kan kartleggje kor mykje krill det er, vil dei og ta opp prøver med trål. Då kan det og bli smaksprøver på mannskapet.

90 prosent av krillen som blir fiska blir til mjølprodukt, som blir brukt til omega3-rikt fôr. Noko blir òg brukt til olje.

– Krillfiskeriet i dag er veldig lågt i forhold til potensialet, forklarer Krafft.

Seks fartøy er med

Krill har same opphav som reker, men skilde lag for mange millionar år sidan. Den antarktiske krillen blir 6-7 cm stor, og ein trur at den lever i 6-7 år i naturen. Krillen er ein nøkkelart i økosystemet i Sørishavet, og lever berre i vatn som er kaldare enn fem grader. Klimaendringar kan difor råke krillen og alle artane som beitar på han særleg hardt.

Det norske krilltoktet er ein del av ei internasjonal kartlegging av krillmengden: På same tid som Norge gjer målingar stillar òg Storbritannia, Kina, Ukraina, Sør-Korea og ein internasjonal fiskeriorganisasjon med fartøy, slik at store område blir dekt.

Kartlegg havet utan for Dronning Mauds land

Toktet med Kronprins Haakon er delt i fire, med to transportetappar opp og ned, der det òg vil bli forska undervegs, eit krilltokt, og eit kartleggingstokt utanfor kysten av Dronnings Mauds land, den «norske» sektoren av Antarktis. Denne delen blir leia av Polarinstituttet. Og heile toktet er sentralt i arbeidet med å etablere verdas største verneområde i Sørishavet.

– Heile bakgrunnen for toktet er dei internasjonale planane om å lage eit verneområde i Weddelhavet, fortel professor Hans Tore Rapp ved Universitetet i Bergen.

Eit område i Rosshavet, i sektoren som vender mot New Zealand, blei eit område på 1,5 millionar kvadratkilometer verna i 2016. Men i Kommisjonen for bevaring av marine, levande ressursar i Antarktis (CCAMLR) blei det ikkje semje om å verne området i Weddelhavet på møtet dei hadde i oktober.

Svampedekt

– Det blei ikkje noko av vernet denne gongen. Bakgrunnen er først og fremst at vi treng eit betre kunnskapsgrunnlag for å lage ein solid verneplan, og vi er glade for at vi kan vere med og bidra til å få dette på plass, seier Rapp.

Det er forska svært lite i havet utanfor Dronning Mauds land, og forskarane veit ikkje kva botn-økosystem ein finn der. Frå UiB deltek Tone Ulvatn og Anne Helene S. Tandberg på denne delen av toktet. Elin Darelius Chiche blir også med på delar av toktet. 

– I delar av Antarktis er snakk om at det kan bli noko meir utnytting av krill og nokre artar av fisk medan andre område vil få eit omfattande vern, og vi treng meir kunnskap for å vere godt førebudde, seier Rapp

Det dei ventar å finne på store delar av botnen er enorme mengder svampar.

– Dei dannar svært tette førekomstar. Desse område blir nesten som dei meir kjende korallreva, og dei har særleg høgt biologisk mangfald og fungerer som oppvekstområde for fisk. Svampane i desse områda bind næring frå vassmassane, og gjer næringa tilgjengeleg for fisk og andre organismar. Svampane har difor ei særleg viktig rolle i å gjere mange havområde produktive og sunne. seier Rapp.

Kunnskapen om den meir ukjende, austlege delen av Weddelhavet blir skaffa på dette toktet, og så er planen å ta opp og arbeide vidare fram mot ein verneplanen igjen om tre-fire år.

Ser botnen for første gong

Eit sentralt element på denne delen av toktet blir forskings-ROV’en Ægir 6000, som er ein nasjonal forskingsinfrastruktur plassert ved UiB.

Dei siste dagane har Stig Vågenes og dei to kollegaene hans jobba med å klargjere Ægir, som skal brukast for å filme og hente opp ulike prøver frå botnen. Med robotarmane kan dei hente opp svampar og andre gjenstandar, og Ægir har til og med ei motorsag som kan sage av stein. Med ein spesiell støvsugar kan dei hente ut botnprøver der sjølv dei minste partiklane og dyra blir med.

– Vi ser fram til å gå ned med ROV der det aldri har vore nokon før, seier Vågenes.

Kan operere i tung sjø

Det blir og eit stort framsteg å bruke moopoolen, det innvendige holet i skroget på Kronprins Haakon, som Ægir blir heist ned gjennom.

Bassenget er plassert midtskips, og det er difor muleg å bruke utstyret i langt dårlegare ver enn dersom ROV-en skulle henge frå ein kran over skipssida.

– Båten er òg så tung at han ikkje rullar, men berre beveger seg opp og ned. Vi har brote grenser med å bruke ROV-en i dårleg ver om bord på Kronprins Haakon, fortel Vågenes.

Dei har fått til å bruke undervassroboten i rundt fem meters bølgjehøgde om bord.

Moonpool gjer det òg muleg å operere uavhengig av istilhøva, og det er til og med smelteanlegg i bassenget.

– Eg trur ikkje det blir så mykje is på dette toktet, men det kjem nok an på kor langt inn mot iskanten vi går. Og vi skal til eit område med stor fare for ruskever, seier Vågenes.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed