Norce får truleg kjøpe UiO-selskap: - Blir gitt bort, meiner professor

Publisert:8. november 2018Oppdatert:8. november 2018, 12:08
Det statlege selskapet Nordisk institutt for odontologiske materialer AS (NIOM) kan bli selt til forskingsselskapet Norce i Bergen for 100 000 kroner. Foto: Ola Sæther

Det statlege aksjeselskapet Nordisk institutt for odontologiske materialer AS kan bli selt til forskingsselskapet Norce for 100 000 kroner. – Eg finn det litt utruleg og uforståeleg, seier odontologiprofessor Ståle Petter Lyngstadaas.

Etter det Uniforum kjenner til frå sikre kjelder kan det statlege aksjeselskapet Nordisk institutt for odontologiske materialer AS (NIOM)  bli selt til forskingsselskapet Norce Norwegian Research Centre AS på Sør- og Vestlandet. Hovudeigaren er Universitetet i Bergen, medan Universitetet i Stavanger, og Universitetet i Agder er medeigarar i selskapet. I dag eig UiO 51 prosent medan Helse- og omsorgsdepartementet eig 49 prosent av aksjane i selskapet NIOM som til saman har ein pålydande verdi på 100 000 kroner.

– Biomaterialmiljøet i Oslo blir halvert

Odontologiprofessor Ståle Petter Lyngstad arbeider også med biomaterialar både ved Det odontologiske fakultetet ved UiO og i det private selskapet Corticalis AS. Etter hans meining har både SINTEF, NIOM og odontologi gode biomaterialmiljø i Oslo. Derfor likar han ikkje det som skjer:  

– Her går toget! Og ingen gjer noko reelt. Biomaterialmiljøet i Oslo blir halvert og me gir bort NIOM til Bergen for ein slikk og ingenting. Slik omtalar Lyngstadaas  planane om å selja Nordisk institutt for odontologiske materialer AS til forskingsinstituttet Norce som har hovudkvarter i Bergen, men har aktivitetar både i Haugesund, Stavanger, Kristiansand og i Oslo.

Ekstraordinær generalforsamling

Uniforum veit at det skal haldast ei ekstraordinær generalforsamling i Nordisk institutt for odontologiske materialer AS i dag,  torsdag 8. november klokka 13.00 i Lucy Smiths hus på Blindern. UiOs eigarskap i selskapet blir forvalta av randsoneselskapet Unirand AS, og det er dermed styreleiar Ragnhild Hennum som utgjer generalforsamlinga for Nordisk institutt for odontologiske materialer AS. Men også representantar for den andre eigaren, Helse- og omsorgsdepartementet vil møta. Det gjer også styreleiar for NIOM, odontologidekan Pål Barkvoll, opplyser han til Uniforum.

Sakspapira hemmelege

Alle sakspapir i saka er unntatt frå offentleg innsyn etter paragraf 23 i Offentleglova. Det stadfestar både styreleiar Ragnhild Hennum i Unirand AS og administrerande direktør Jon E. Dahl i Nordisk institutt for odontologiske materialer AS. Alle styremedlemane i NIOM fekk i ein epost av 29. oktober også beskjed om at alle saksdokumenta til den ekstraordinære generalforsamlinga er unntatt frå offentleg innsyn.

Om selskapet blir selt til Norce for pålydande aksjeverdi, slik Uniforum har fått signal om, vil Universitetet i Oslo få 51 000 kroner, medan Helse- og omsorgsdepartementet vil sitja igjen med 49 000 kroner. Også Norce er eigd av det offentlege gjennom Universitetet i Bergen og forskingselskapa til Universitetet i Stavanger og Universitetet i Agder. Slik sett vil selskapet halda fram som eit statleg selskap, sjølv om det blir selt for ein symbolsk sum til forskingsselskapet Norce som står for Norwegian Research Centre AS.

Aksjekapital på 100 000 kroner

I dag har NIOM altså ein aksekapital på 100 000 kroner, medan driftsinntekta i 2017 var på 34,6 millionar kroner. Selskapet har 32 tilsette som held til i leigde lokale ved Ullevål stadion i Oslo.

Om ein prisar selskapet til ein moderat marknadsverdi, bør det ha ein verdi på fleire gonger omsetninga, minst 100 millionar kroner. UiOs del av dette, 51 prosent, vil dermed utgjera 51 millionar kroner.  

– Utruleg og uforståeleg

Ståle Petter Lyngstadaas forstår ikkje kvifor selskapet vert selt for ein så låg pris, og til ein konkurrent. – Eg finn det litt utruleg og uforståeleg at UiO vil selja NIOM til ei konkurrerande verksemd for symbolske handpengar. Styret er ved lov forplikta til å forvalta selskapet til beste for aksjonærane, og dette kan neppe vera tilfellet her. Om UiO skal selja selskapet bør og må det skje til minst 51 prosent av realverdien av selskapet, gir han uttrykk for overfor Uniforum.  

Han trekkjer fram at både SINTEF, Nordisk institutt for odontologiske materialer AS og Avdeling for biomaterialar ved Det odontologiske fakultetet i dag samarbeider om prosjekt og i konkurransen om nasjonale og internasjonale forskingsmidlar. Lyngstadaas viser til at NIOM og Avdeling for biomaterialar er om lag jamstore og at dei har samarbeidt ved å bruka og låna utstyr av kvarandre, men også gjennom utveksling av ph.d.-kandidatar, rettleiing av doktorgradar og ved å samarbeida om forskingsløyvingar.

Foreslår å fusjonera 

Sjølv har han også eit forslag om kva som heller bør skje med selskapet.

– Dersom det verkeleg er så viktig for Universitetet i Oslo å avvikla randsoneakvitetane,  ville ein langt betre strategi ha vore å fusjonera dei to partane som begge tilhøyrer UiO inn i eit felles miljø som til dømes i det nye Livsvitskapsbygget eller i lokala til NIOM eller i eit nytt klinikkbygg for odontologi. Fram til ei praktisk løysing ligg føre, kan verksemda halda fram som i dag under UiOs leiing. Dersom UiO vil overta NIOM,  er kostnaden jo berre om lag 49 000 kroner, om ein legg dagens salsstrategi til grunn. Stillingane er uansett fullfinansierte av Helse- og omsorgsdepartementet, understrekar han og viser til selskapet sin rekneskap.

UiO skal leggja ned Unirand AS

Salet av NIOM er ein del av arbeidet Universitetet i Oslo er i gang med for å selja alle dotterselskapa til Unirand AS og etter kvart leggja ned heile randsonselskapet Unirand AS, slik det går fram av sakspapira frå møtet i universitetsstyret den 19. juni. Der vert det også peika på at Universitetet i Oslo staka ut denne kursen allereie i eit møte med dotterselskapa i Unirand AS den 1, februar 2017. Der går det  fram at alle selskapa i Unirand AS skal overførast til nye eigarar i løpet av 2018. «I møte med UniRand as, datterselskapene NIOM as, NKVTS og NUBU og berørte departementer 1.2.2017 ble det fastslått at UiO ville avvikle konsernet UniRand, men at datterselskapene skulle bestå og overføres nye eiere. Styret i UniRand har vedtatt at selskapene i UniRand som siktemål skal overføres nye eier i løpet av 2018»

Handsama i universitetsstyret

I universitetsstyret sitt første møte etter sommarferien, den 12. september, blei eit mogleg sal av dotterselskap i Unirand AS handsama bak stengde dører. Då var det truleg forslaget om det moglege salet av NIOM  medlemane i universitetsstyret blei rådde til å vedta.

Salet av Nordisk institutt for odontologiske materialer AS til forskingsinstituttet Norce i Bergen, vert  no truleg godkjent av den ekstraordinære generalforsamlinga i Nordisk institutt for odontologiske materialer AS torsdag 8. november klokka 13.00. Men salet kjem ikkje heilt i mål før det skal handsamast i generalforsamlinga til Unirand AS den 19. november.  

Uniforum har også vore i kontakt med kommunikasjonsdirektør Janne Værnø i Norce.

 – Norce ynskjer ikkje å kommentera på dei prosessane som går føre seg før saka er ferdig behandla, opplyser Janne Værnø til Uniforum.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed