No kan dei yngste psykologi-mennene få tilleggspoeng

Publisert:21. november 2018Oppdatert:21. november 2018, 11:20
Iselin Nybø opnar no for at mannlege søkjarar til psykologi-studia i Oslo og Bergen kan få tilleggspoeng.

Mannlege søkjarar til psykologutdanninga ved UiB kan få eitt ekstrapoeng – så lenge dei er under 22 år.

I haust var det berre 21 prosent menn blant dei ferske psykologistudentane ved UiB. Kvinnene har vore i fleirtal i mange år, og UiB har lenge ønska å innføra ein kvote som gjer at det vert utdanna fleire mannlege psykologar. Men så langt har Kunnskapsdepartementet (KD) sagt nei. Grunnen har vore at Stortinget har sett grensa på tjue prosent – og UiB har vore like over.

No har forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø snudd. I ei pressemelding frå KD heiter det at frå studieåret 2019/20 kan mannlege søkjarar til psykologutdanninga ved UiB og UiO få tilleggspoeng.

Færrast unge menn

Det er eit mål med betre kjønnsbalanse, seier Nybø i pressemeldinga.

Ordninga vil gjelda søkjarar som søkjer med førstegangsvitnemålet sitt. Statistikken viser at det i denne gruppa det er færrast menn som kjem gjennom nålauga. I praksis betyr det at mannlege søkjarar som er under 22 år og som søkjer med førstegangsvitnemålet sitt, kan få eitt ekstrapoeng.

I tillegg til å gjelda psykologutdanninga, har KD no innført ein mannskvote for barnevernspedagogutdanninga ved Oslomet. Frå før kan mannlege søkjarar få tilleggspoeng ved opptak til veterinær- og dyrepleiarutdanninga ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet og sjukepleiarutdanningane ved Universitetet i Agder og Lovisenberg diakonale høgskole.

Vil helst ha kvote

Tidlegare har både Bente Wold, som er dekan ved Det psykologiske fakultetet, og Nikolai Klæboe, som leiar Studentparlamentet, vore uroa over situasjonen. Deira viktigaste argument har vore at ein sjølv må kunne velja om ein ønskjer å gå til ein mannleg eller kvinneleg psykolog. Wold har sagt at ho aller helst ønskjer seg ein eigen kvote for mannelege søkjarar, og at målet er at tretti prosent av studentane skal vera menn.

Nybø seier i pressemeldinga at både sektoren og fagfolk har vore uroa for situasjonen for psykologstudia, og at ho tidlegare i haust inviterte UiB og UiO til eit møte.

– Ved å retta tiltaket inn mot unge menn som søkjer med førstegangsvitnemålet sitt, kan me halda oss innanfor dei føringane Stortinget har gitt. Samstundes kan dette bidra til ein betre kjønnsbalanse på psykologistudiet, seier ministeren.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed