Meiner stilling er skreddarsydd for son til professor

Publisert:8. november 2018Oppdatert:8. november 2018, 06:00
Fleire tilsette reagerer på ei tilsetjing ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet. Dei meiner at ei stilling er øyremerka ein spesiell kandidat. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Nepotisme, seier tilsette ved Institutt for geovitskap på UiB. Fakultetet avviser påstanden.

Er stillinga som er lyst ut ved Institutt for geovitskap øyremerka ein spesiell søkjar? Det spørsmålet vert no stilt av tilsette ved instituttet.

Bakgrunnen for misnøyen er at det i sommar vart tilsett ein vikar i ei stilling som liknar på den utlyste stillinga. Tilsetjinga var for seks månader, og stillinga vart ikkje lyst ut.

Den som vart tilsett i vikariatet, er sonen til ein av professorane ved insitituttet, Rolf Birger Pedersen. På det private plan har Pedersen eit kjærasteforhold til instituttleiar Ingunn Thorseth. Thorseth var òg rettleiar for Pedersen sin son då han tok doktorgrad i geokjemi.

Stillinga er ei senioringeniørstilling og krev doktorgrad. Det er òg krav om kjennskap til avansert instrumentering.

Tidlegare tilsett reagerte

I sommar vart det sendt ut ein epost til fleire tilsette ved Institutt for geovitskap med tittelen «Nepotisme ved GEO?». Avsendar var ein tidlegare UiB-tilsett. Vedkomande hadde sjølv stillinga som no er lyst ut fram til sommaren 2018, men då var stillinga koda som senior forskingsteknikar. Dette var noko den tidlegare tilsette ønska å endra, men vedkomande fekk ikkje gjennomslag for det. På Høyden understrekar at det ikkje er den tidligare tilsette som tok kontakt med redaksjonen om denne saka.

I eposten vert det stilt spørsmål ved både korleis stillinga brått kunne gjerast om til ei ingeniørstilling og ved at tilsetjinga i vikariatet skjedde raskt - og midt i sommarferien.

«Egentlig imponerende å tenke at en ansettelsesprosess ved MatNat kan gå så kjapt, men litt mindre bemerkelsesverdig når det impliserer at valg av person falt på en nær slektning», står det i eposten, og vidare «Vi er på et universitet (ikke i en familiebedrift), året er 2018 og vi er i Norge. Er alle som sitter i maktposisjoner ved fakultetet eller instituttene fullstendig blottet for moral? Eller tørr ikke folk lenger å gi beskjed når noe er rivruskende galt? Jeg er av den oppfatningen at ansettelsesprosessen til en nært familietilknyttet person burde være EKSTRA ryddig selv om det - foreløpig - “bare” er et vikariat det er snakk om».

På Høyden har snakka med andre tilsette som òg reagerer på utlysinga. Dei meiner at den faste stillinga er ei forlenging av vikariatet, og at det nærast er bestemt kven som skal tilsetjast.

– Det har til dømes ikkje gått ut epost internt på huset om denne stillinga, slik det ofte plar, seier ei kjelde.

Søknadsfristen er kort, berre om lag to veker.

Litt bakpå

Men no kan søknadsfristen verta forlenga.

Det seier Gunnar Larsen, som leiar HR-avdelinga ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet.

– Det er noko me vil vurdera når me ser søkjarlista, seier Larsen.

Han seier målet er å ha ein person på plass om lag frå nyttår. Då går vikariatet ut.

– Tida er jo allereie knapp til å rekka det. De kunne vel lyst ut tidlegare?

Det kunne me i teorien. Eg trur me må innrømma at det hender at me av og til kan vera litt bakpå i forhold til utlysing.

Larsen seier at såpass kort søknadsfrist ikkje er eineståande for denne stillinga. Han seier òg at det ikkje er nokon etablert praksis at alle stillingar skal varslast om internt.

Tek avstand frå nepotisme

Larsen seier at han tek avstand frå påstanden om nepotisme. Det same gjer dekan Helge Dahle. Samstundes seier begge at dei skjønar at det kan verta stilt spørsmål kring denne saka.

– Når ein nyttar omgrepet nepotisme, seier ein indirekte at det er gjort noko ulovleg. Ja, det stemmer at vikariatet ikkje vart lyst ut, men det viktige er at den faste stillinga er lyst ut, seier Dahle.

Han seier at fordi Pedersen og Thorseth har ein nær relasjon er fakultetet veldig aktsomme. Prodekan Anne Marit Blokhus handterte tilsetjinga i den mellombelse stillinga.

– Kvifor kunne de plutseleg gjera ei forskingsteknikarstilling om til ei senioringeniørstilling? Ein senioringeniør tener i snitt 150 000 kroner meir i året.

– Når nokon sluttar og ein kan lysa ut ei stilling på nytt gjer ein alltid vurderingar av korleis stillinga skal innplasserast for å i størst mogleg grad fylla dei behova ein har, seier Dahle.

Instituttet kjem med forslag

Forvaltningsloven seier noko om når ein er inhabil eller ikkje. Der heiter det at dersom ein er inhabil, kan ein heller ikkje vera med på å legga til rette for grunnlaget for ei avgjerdsle. Dersom ein er overordna og inhabil, kan heller ikkje underordna koma med ei avgjerdsle.

Stillinga som no er lyst ut er knytt til mellom anna elektronmikroskoplaboratoria (elmi-laben). Fakultetet har gitt Institutt for geovitskap ansvar for denne laben.

– Som ein del av ansvaret inngår det å koma med forslag til utlysing av stillingar når det er aktuelt, men det er fakultetet som godkjenner utlysinga, seier fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo.

– Kven har laga utlysinga?

– Det er fakultetet som ber om utlysing og det er fakultetet som godkjenner utlysinga, men det er instituttet som kjem med forslag, seier Lysebo.

– Kven skal tilsetja i ei teknisk stilling?

– Det er det sentrale tilsetjingsutvalet. Normalt er det instituttleiar som kjem med innstilling, men slik vil det ikkje vera i dette tilfellet.

Må meistra norsk

Lysebo seier at generelt kan private forhold gjera at saker må løftast eit nivå i organisasjonen. Det same skjer dersom ein som har vore rettleiar for ein kandidat er involvert i til dømes ei tilsetjingssak. Ho viser til at fakultetet har rutinar når inhabilitet oppstår.

– Når det gjeld Institutt for geovitskap har me løfta tilsetjingar ved Jebsen-senteret, som vert leia av Rolf Birger Pedersen, opp til fakultetsnivå. Vanlegvis er det instituttleiar som innstiller i tilsetjingssaker, seier Bjørn Arild Petersen, rekrutteringsansvarleg og nestleiar ved HR-avdelinga ved mat.-nat.

– Kor mange søkjarar reknar de med å få til ei slik stilling som den som har vorte lyst ut no?

– Det er vanskeleg å seia. Men om me får fem kvalifiserte søkjarar, skal me vera nøgde, seier Petersen.

Stillinga krev spesifikk teknisk kompetanse og doktorgrad, og den som vert tilsett må meistra norsk. Bakgrunnen for det er ifølgje fakultetsdirektør Lysebo mellom anna at ein skal ha ansvar for studentar når dei er på laboratoria.

Vil ikkje kommentera

På Høyden har vore i kontakt med instituttleiar Ingunn Thorseth. Ho ønskjer ikkje å kommentera saka, men skriv i ein epost at ho er kjent med fakultetet sine kommentarar til saka. På Høyden har òg prøvd å få kontakt med Rolf Birger Pedersen og sonen hans, men har ikkje fått svar.

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed