Lågare krav kan gi studentfråfall

Publisert:27. november 2018Oppdatert:27. november 2018, 14:58
Masteropptaket skal sentraliserast på UiB, og programma fyllast opp. Det kan føre til lågare nivå på nokre studium.

UiB-leiinga går inn for å fylle opp alle masterplassar, så lenge studentane har minst eit snitt mellom C og D. Det vil gi meir studentfråfall, fryktar kritikarar.

Masteropptaket blir sentralisert, og universitetsdirektør Kjell Bernstrøm foreslår for universitetsstyret å innføre ei felles, nedre karaktergrense for masterstudentar på alle fakultet. Ved å rekne om karakterane, der A er fem og E er ein, blir kravet sett til 2,50.

Snittet skal reknast ut frå dei faglege fordjupingsfaga. Dermed kan ein bli tatt opp på mastergrad med C på minst halvparten av faga, og D på resten.

Målet er å utnytte studieplassane betre, slik at universitetet får betre økonomisk utteljing for undervisningen.

Fyllar opp lågare nivå

Men på Institutt for økonomi er dei uroa over framlegget, slik professor Steinar Vagstad skreiv i dette innlegget.

– Eg har lest innlegget, og er einig med poenga hans. Det er ikkje noko løysing å senke krava til opptak av mastergradstudentar. Då fyllar vi opp med studentar med dårlegare førehandskunnskapar, seier instituttleiar Kjell Vaage ved Institutt for økonomi ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet.

På instituttet har dei 25 studieplassar kvart år. I dag opererer dei med ei grense på 3,5, altså eit snitt mellom B og C.

– Vi har den grensa, sjølv om det einskilde år fører til at vi ikkje fyller opp alle studieplassane våre, fortel Vaage.

Kappløp mot botnen

Dei fleste åra er det fullt, men dei har òg vore nede i 14-15 studentar i dårlege år.

– Vi krev eit opptaksnivå som gir ei god evne til å gjennomføre graden. Om vi fyller opp med studentar med dårlegare føresetnader, må vi neste følgje opp med å senke krava. Det er eit dårlegare signal til dei flinkaste studentane. Det blir eit slikt «race to the bottom», og det synest eg veldig lite om.

Med den nye ordninga vil dei bli pålagde å ta imot studentar ned til eit snitt på 2,5 i dårlege år, slik at alle plassar blir fylt opp. Dersom dei då ikkje senkar nivået for å tilpasse seg studentane, vil resultatet bli at dei svakaste studentane droppar ut.

– Det er ei sløsing med både studentane og instituttet sine ressursar, seier Vaage.

Han meiner tiltaket er lite i tråd med strategien til UiB, der det står at «Universitetet i Bergen skal samle dei beste talenta blant forskarar og studentar».  

Frå blank C til CD

På Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ønskjer dei seg og ein anna løysing enn den som etter framlegget til leiinga blir sams for heile universitetet.

– Vi har tidlegare praktisert det slik at ein må ha eit snitt på ein blank C i våre opptak til mastergrad, forklarar visedekan for utdanning ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, Harald Walderhaug.

Studentane måtte altså ha eit snitt på 3,0 for å komme inn på master. No kan grensa bli senka til 2,5. I høringsrunden gjekk Mat.-nat. mot endringa.

– Vi vil helst halde på eit litt høgare karakterkrav. For dei faga som ikkje fyller plassane sine med studentar med høgare karakterar kan vi ende opp med studentar med eit litt svakare grunnlag enn før, seier Walderhaug til På Høyden.

Ulikt ved institusjonane

Det er òg eit visst sprik mellom institusjonane, og nokre stader kan det vere lettare å få gode karakterar enn andre. Studentar med svakare grunnlag kan då lettare komme seg inn på mastergrad.

– Det har vist seg at det kan vere vanskelegare å få gode karakterar på universiteta, samanlikna med ein del høgskular, seier Walderhaug.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed