Fleire søkjarar med doktorgrad til ingeniør-stilling

Publisert:26. november 2018Oppdatert:26. november 2018, 08:51
Ein ingeniør ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet jobbar nok til dagleg ved ein meir moderne lab enn denne. Institutt for geovitskap har fått åtte søkjarar til ei seinoringeniørstilling.

Etter å ha forlenga søknadsfristen har no fleire søkjarar med doktorgrad søkt ingeniør-stillinga ved Institutt for geovitskap.

På Høyden har tidlegare skrive om ei omstridd tilsetjingssak ved Institutt for geovitskap: Andre tilsette reagerer, og meiner ei stilling som senioringeniør er skreddarsydd for sonen til ein av professorane ved instituttet. Stillinga hadde søknadsfrist 11. november, og doktorgrad var ein av kvalifikasjonane som var lista opp. No er søkjarlista klar.

Forlenga fristen

– Me er nøgde med utvalet. Då fristen gjekk ut hadde det meldt seg berre tre søkjarar, men då me forlenga fristen med nokre dagar fekk me fem søkjarar til.

Det seier Elisabeth Müller Lysebo. Ho er fakultetsdirektør ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet. Tilsetjinga vert handtert på fakultetsnivå, sidan instituttleiar Ingunn Thorseth er inhabil.

Då På Høyden skreiv om tilsetjingssaka, sa Lysebo at det var krav om at den som vart tilsett meistra norsk. Søkjarlista viser at det i alle fall er fleire av søkjarane som er tilsett ved norske universitet.

To postdoktorar

På søkjarlista er det fleire søkjarar som har eller er i gang med doktorgrad. Ein av dei er stipendiat ved Institutt for geovitskap og ein er stipendiat ved Institutt for samfunnsmedisin ved Universitetet i Tromsø. Ein tredje søkjar har vore postdoktor ved Institutt for fysikk og teknologi ved UiB, og ein fjerde har tidlegare vore postdoktor ved Norsk Polarinstitutt. No er vedkomande tilsett ved Universitetetsbiblioteket ved Universitetet i Tromsø.

I tillegg til desse har professorsonen søkt stillinga. Han har doktorgrad frå Institutt for geovitskap, og er i dag tilsett i eit vikariat som ingeniør ved instituttet.

– No set me ned ein komite som skal vurdera søkjarane, og så går me i gang med tilsetjingsprosessen. Truleg kjem me i mål før jul, seier Lysebo.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed