Dette tener sektortoppane

Publisert:9. november 2018Oppdatert:9. november 2018, 13:31
Mykje fintfolk samla i universitetsaulaen under doktorpromosjon. Her er mange av dei som tener best på UiB òg samla. Prorektor Margareth Hagen og dekan Jan Erik Askildsen på veg inn i salen. Begge hadde skattbar inntekt på over ein million kroner i fjor.

Mange i sektoren tener over ein million kroner, viser skattelistene. Og truleg tener dei endå meir enn listene viser.

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm har ei løn frå UiB på 1 300 850 kroner. Men i skattelistene for 2017, som vart offentleggjorde denne veka, er han oppført med ei skattbar inntekt på 1 603 818 kroner. Det betyr at Bernstrøm òg har andre inntekter.

Mange leiarar i sektoren har gode inntekter frå styreverv, mellom anna har Khrono skrive at NTNU-rektor Gunnar Bovim tener over 700 000 i året på styreverva sine.

Viser ikkje alt

I tillegg til at mange leiarar har betalte styreverv eller biverv, er tala ein finn i skattelistene nettotal. Det vil seia at det ein ser er summane som er att etter at ein har fått alle frådrag ein har krav på. Alle med lønsinntekt har krav på å trekkja frå 94 750 kroner, skriv NRK. I tillegg kan ein få frådrag dersom ein har mykje gjeld, og alle som betalar for barnehage eller SFO har krav på å trekkja frå ein sum knytt til dette. Det finst òg andre frådrag.

Dette betyr at sektortoppane, som allereie har millionløner, har tent endå betre enn det som kjem fram i skattelistene.

2,1 mill til Bovim

Forskerforum har sjekka kva ein del leiarar innan forsking- og utdanningssektoren tener. Rektoren som tente mest i fjor er Inge Jan Henjesand ved BI. Han står oppført med inntekt på 2,2 millionar kroner. Av dei offentlege universiteta og høgskulane er Gunnar Bovim best betalt. Inntekta hans i fjor var på 2,1 millionar. Rektorløna hans er vel 1,7 million kroner.

Dag Rune Olsen står oppført med 1 286 528. Han har ei løn frå UiB på 1 505 900. Olsen si løn gir han ein femteplass på lista over rektorane. Både Petter Aasen frå Universitetet i Sørøst-Norge, Berit Rokne frå Høgskulen på Vestlandet og Anne Husebekk frå Universitetet i Tromsø hadde alle ei skattbar inntekt på over 1,4 million i 2017.

Svein Stølen, rektor ved UiO, manglar på oversikta. Han vart rektor i august i fjor.

Sintef løner godt

Men det er ikkje berre rektorane som tener godt. Forskerforum si oversikt viser at tilsette i instituttsektoren òg har millionløner. Her er det Sintef-tilsette som er øvst på lista. Forskingsrådet løner òg sine leiarar godt. Topp-sjef John Arne Røttingen hadde ei skattbar inntekt på over to millionar i fjor, medan fleire av områdeleiarane står med ei inntekt på meir enn halvannan million.

På Høyden har sjekka kva UiB-leiarar tener. Desse tala finn du i faktaboksen. Og for ordens skuld, sidan me skriv om andre si løn: Redaktør Dag Hellesund hadde ei skattbar inntekt på 559 067 kroner, journalist Njord Svendsen 538 414 (begynte i På Høyden i mars 2018) og journalist Hilde Kristin Strand 222 829 (journ.anm: Den låge summen skuldast foreldrepermisjon med 80 prosent løn samt noko uløna permisjon) i 2017. Ingen i redaksjonen har formue.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed