Talemål i hundre år

Publisert:22. oktober 2018Oppdatert:22. oktober 2018, 11:56
Ivar Aasen var først, så kom Torleiv Hannaas som den første professoren i språk ved dåverande Bergens museum. Gunnstein Akselberg er professor i nordisk språkvitskap i dag, og forskar òg på talemål.

Språkprofessor Gunnstein Akselberg skulle eigentleg ikkje ha skarra på r-ane. Han gjer det likevel.

– Det er rulle-r som er sett på som fint, seier Gunnstein Akselberg.

For ikkje-nordistar og språkfolk er Akselberg for tida kanskje mest kjent som eksperten i NRK-programmet «Eides språksjåv». Men i denne samanhengen: Professor i nordisk språkvitskap og leiar av programkomiteen for nordistikkens dag.

Torsdag var det på dagen hundre år sidan Torleiv Hannaas hadde det som heitte førsteførelesing, som nytilsett ved Bergens museum. Ansvar: Vestlandske dialektar og folkeminne, som professor i vestlandsk målgransking. Lenge var professoren den einaste som sysla med språk på museet, som var forløparen til Universitetet i Bergen. Men det som i dag er nordisk-faget, er altså eitt av dei eldste ved UiB.

Feira hundre år

Hundreårsfeiringa vart markert med eit heildagsseminar fredag. Forsking på dialektar, særleg dei vestlandske, er noko av det som har vore viktig ved instituttet som i dag heiter Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

– Korleis har talemålet endra seg dei hundre åra som har gått sidan Hannaas vart professor?

– Det er eit uhyre interessant spørsmål – og nesten umogleg å svara på, seier Akselberg.

– For det første kjem det an på om ein har eit homogent eller eit heterogent språksyn. Fram til 1960-talet var det eit homogent syn som var vanleg, då sa ein at «på den staden snakkar ein slik». Men dei siste femti åra har ein vore oppteken av sosiolingvistikken, som seier noko om sosial variasjon.

Ein snakkar nemleg ikkje likt sjølv om ein bur på same staden. Kjønn og alder har noko å seia, det same har sosial bakgrunn eller –status. Det er mange tiår sidan forskarane byrja å snakka om eit øvre og lågare talemål i byane. Tenk til dømes på at nokre i både Bergen og Stavanger seier «jeg», og ikkje «eg», som fleirtalet gjer.

Skarre-r spreier seg

Men nokre skilnader finst det likevel, mellom det talemålet Hannaas skildra og det forskarar skildrar i dag. For det første er det denne skarre r-en. Han spreier seg. For ein generasjon eller to sidan var det rulle-r både på strilelandet, og ikkje minst innover i landet mot Voss. Men vossingen Akselberg, han skarrar.

– Me ser at sjølv om skarre-r spreier seg, så stoppar han i møte med nokre andre lydar – særleg retrofleksen. Det betyr at skarre-r stoppar på Sunnmøre og på grensa til Telemark, forklarar Akselberg.

Retrofleks er ein språklyd som er vanleg i austnorske dialektar. Tenk på korleis ein austlending seier til dømes «ert», «vært» og «barn».

Noko anna språkforskarane finn, er at nokre lydar vert mindre i bruk. I kommunane rundt Bergen var det til dømes vanleg, igjen for ein generasjon eller to sidan, å ha lydar som «dn» eller «dl» for «rn» og «ll» - altså sa ein «gadn» for «garn» og «fjedl» for «fjell».

– Lyden «ao», der til dømes «då» vert «dao», som ein har hatt både i Sogn og Hardanger, er ein annan av lydane som er mindre i bruk, seier Akselberg.

– Betyr dette at ein snakkar likare?

– Ein gjer nok det, og bergensdialekten spreier seg til kommunane rundt. Dette heng truleg saman med betre kommunikasjon, og òg med arbeidssituasjon, skulegang og utdanningssystem, seier Akselberg.

Han fortel om at han som heilt ung barneskuleelev opplevde at ei jente i klassen sa «rød» - ikkje «raud».

– Tilpassar ein dialekten sin medvite, til det ein trur eller synest er finare?

– Nokre gjer nok kanskje det. Språk markerer både status og identitet, seier Akselberg.

Hand i hand?

Instituttet der han er professor, er stort. Etter ei samanslåing på tidleg 2000-tal rommar det både klassiske fag, digital kultur, kunsthistorie og dei meir klassiske nordiskfaga knytt til språk og litteratur. Det nyaste forskingsfaget er norsk som andrespråk.

For medan Hannaas var åleine ei stund, vaks faget etter at UiB vart danna etter krigen. Inn kom både norrønt, språkhistorie, grammatikk, og litteraturfag som litteraturvitskap og seinare teatervitskap. Allmenn litteraturvitskap var ei tid eit eige institutt, men er no ein del av LLE. Dei to professorane Atle Kittang og Asbjørn Aarseth ga i 1968 ut boka «Lyriske strukturer – en innføring i diktanalyse». Boka har vorte ein klassikar for litteraturstudentar. Generelt har nordisk vore sett på som skulefaget, og har fora skulevesenet med lektorar. Medan mange tidlegare tok pedagogikk til slutt, kan ein i dag velja å studera integrert lektorutdanning med fordjuping i nordiskfag.

– Ein ser ofte på språk og litteratur som to svært ulike disiplinar, og ein dukkar ikkje opp på kvarandre sine arrangement. Men eg meiner det er ein tett samanheng mellom språk og litteratur. Kva kjelder har ein til dømes om det eldre språket? Jo, det er litteraturen. Tenk òg på korleis forfattarar som Torborg Nedreaas og ikkje minst Amalie Skram nyttar bergensdialekten, seier Akselberg.

– Kvifor vart du nordist?

– Det var nok litt tilfeldig. Eg trur det heng saman med med den generelle interessa eg har for historie og kultur, seier Akselberg.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed