Stortingstoppar vil ha UiB med som isbrytar-eigar

Publisert:8. oktober 2018Oppdatert:8. oktober 2018, 06:00
Forskingsisbrytaren Kronprins Haakon bør og disponerast av Universitetet i Bergen, meiner fleire av stortingspolitikarane på Hordalandsbenken.

– Det naturlege hadde vore om både UiT og UiB var med som eigarar, seier Kjersti Toppe. Ho vil ta eigarskapen til forskingsisbrytaren Kronprins Haakon opp med Kunnskapsdepartementet.

På Høyden har gjennom fleire saker kunna fortelje korleis Universitetet i Bergen blei trengt ut av kretsen som rår over den nye forskingsisbrytaren til 1,4 milliardar kroner. Opprinneleg skulle UiB vere med som eigar saman med Norsk polarinstitutt, Havforskingsinstituttet og UiT – Norges arktiske universitet.

Gjer feltet svakare å utelate UiB

I juni ba UiB om å få eit 20 prosents eigarskap til fartøyet, men Kunnskapsdepartementet (KD) har ikkje vist noko teikn til å ville endre på fordelinga.

– Eg meiner dette er ei uklok avgjerd av departementet. Å utelate UiB med den kompetansen og aktiviteten dei har på nettopp polarforsking, gjer heile feltet svakare. Å vere usikker på tokt-tid blir jo ein vanskeleg situasjon for UiB å vere i. Det naturlege hadde vore at både UiT og UiB var med som eigarar, synest Kjersti Toppe, som representerer Senterpartiet på Stortinget.

Ho meiner at ei deling av ressursane òg vil kunne gi betre samarbeid mellom institusjonane, og peiker på at det allereie kan sjå ut som om UiT kan ha tokttid dei ikkje får brukt.

– Då må det òg vere rom for at UiB blir formalisert med i samarbeidet. Eg vil ta dette opp med departementet denne veka, og stille eit skriftleg spørsmål der eg ber dei sjå på saka ein gong til, seier Toppe engasjert.

– Benken vil jobbe for UiB

Og UiB har fleire på Stortinget i ryggen:  

– Som benkeleiar ønskjer eg å sørge for at institusjonane i vårt område blir godt tekne vare på. Vi har hatt eit godt samarbeid med UiB, og det er sjølvsagt at benken vil jobbe for universitetet. Med UiB er Bergen ein av dei største «blå» byane i Europa når det gjeld klima og havforsking. Då er det heilt på sin plass at UiB har sin rettmessige del av tokttida, seier Ove Trellevik frå Høgre, som er tverrpolitisk leiar for Hordalandsbenken.

Han meiner at det er viktig at ikkje alle ressursar hamnar i Tromsø så snart det er snakk om at noko gjeld Arktis.

– Då ser folk fort til Tromsø, men vi må til dømes òg sjå på kva som faktisk blir produsert av polarforsking i landet, seier Trellevik, og viser til at det er i Bergen det blir produsert mest polarforsking blant dei norske universiteta.

Vil utfordre to ministrar

Også i Arbeidarpartiet er støtta til UiB stor: Ruth Grung synest at eit forskingsfartøy som er finansiert over statsbudsjettet burde hatt ein driftsmodell som sikrar at dei fagleg beste forskingsprosjekta blir prioritert.

– Dagens modell det berre delar av dei nasjonale forskingsmiljøa får tilgang svekker vår nasjonale forskingsinnsats på eit felt som er av stor strategisk verdi både nasjonalt og globalt, seier ho til På Høyden.

Ho vil utfordre både forskingsministeren og fiskeriministeren på om driftsmodellen for Kronprins Haakon sikrar at dei fagleg sterkaste forskingsprosjekta blir prioritert.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed