Pengar til forskingstryggleik

Publisert:8. oktober 2018Oppdatert:8. oktober 2018, 12:55
Statsråd Iselin Nybø vil mellom anna prioritera pengar til eit program for informasjonstryggleik og til fleire offentlege ph.d.-grader.

Kunnskapsdepartementet sitt budsjett aukar med 1,5 milliardar kroner neste år.

– Utvikling av ny teknologi er heilt sentralt for det grøne skiftet. Regjeringa vil satse på mogleggjerande teknologiar, og vi bruker dei gode tidene aktivt til ei slik satsing. Vi foreslår å auka løyvinga til forsking på mogleggjerande og industrielle teknologiar med 65 millionar kroner i 2019-budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Forsking på slik teknologi kan til dømes auke produktiviteten i industrien, og redusere utsleppa av klimagassar.

Dette seier statsråd Iselin Nybø i ei pressemelding.

Totalt aukar Kunnskapsdepartementet sitt budsjett med 1,5 milliardar kroner i 2019, dersom regjeringa får det som ho vil. Teknologi er ein av vinnarane - og ei av sakene som kom ut som ein lekkasje førre veke.

Den teknologiske forskinga gjeld mellom anna forsking innanfor informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), nanoteknologi, bioteknologi og avanserte produksjonsprosessar.

Det vert òg sett av pengar til å handtera truslar i forskingsnettet. 17,5 millionar kroner skal brukast til å eteablera eit program for informasjonstryggleik.

- Samfunnet må ha tillit til handtering av personvern og datasikkerheit, og vi treng å løyse desse utfordringane i universitets- og høgskolesektoren, seier Nybø i pressemeldinga.

Midlane blir tildelte gjennom UNIT - Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking.

Det vert sett av åtte millionar kroner til doktorgrad i offentleg sektor. Målet er særleg å få fleire lærarar til å ta doktorgrad, og det skal opprettast ti stipendiastillingar for lærarar.

Lærarar med kompetanse innanfor forsking vil bidra til å styrke samarbeidet med universitet og høgskolar, betre rettleiinga av lærarstudentar i praksis og auke kvaliteten i skolen, meiner regjeringa.

– Me vil difor motivera fleire skoleeigarar til å søke om midlar til at fleire lærerar kan ta ein offentleg sektor-ph.d., seier Nybø.

Regjeringa foreslår også å finansiere fire nye stipendiatstillingar for privat næringsliv (nærings-ph.d.). Desse forslaga følger opp den langsiktige prioriteringa «Fornying i offentleg sektor og betre offentlege tenester» og målet om «Styrka konkurransekraft og innovasjonsevne» i revidert langtidsplan for forsking og høgare utdanning.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed