Nybø: - Undervisninga har på mange felt stått stille i 200 år

Publisert:25. oktober 2018Oppdatert:25. oktober 2018, 09:30
Iselin Nybø møtte onsdag Skjalg Nybø og andre fiskehelsestudentar på bioCEED, eit senter for framifrå utdanning, lokalisert ved Universitetet i Bergen.

Fleire senter for framifrå utdanning er ein nøkkel til betre undervisning, meiner utdanningsminister Iselin Nybø.

 – Undervisningsmetodane har på mange felt stått stille i 200 år, seier minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø, til På Høyden. 

Det skal det bli slutt på, er planen til regjeringa.

Onsdag annonserte Nybø 25 friske millionar frå statsbudsjettet til etablering av fleire senter for framifrå utdanning, som ho ser på som eit av dei viktigaste verkemidla for å gjere dei høgare utdanningane betre. 

På besøk hos bioCEED, som er eit slikt senter, lokalisert ved Universitetet i Bergen (UiB), fekk statsråden  treffe både fiskehelsestudentar, forskarar og leiarar for å sjå nærare på korleis det fungerer i praksis. Ved bioCEED står aktivitetsbasert læring i sentrum, heller enn tradisjonelle undervisningsformer.

Det inneber mellom anna bruk av digitale plattformer og såkalla aktivitetsbasert læring, med mindre grupper i undervisning, mentor-ordningar og praksis i bedrifter og forsking.

250 millionar i fire år

– Vi ønskjer at fleire miljø skal kunne drive utvikling av undervisning. Det finst meir effektive måtar å gjere det på enn den tradisjonelle forelesinga, og det er bioCEED eit godt døme på. Slike senter kan drive kvalitetsarbeidet framover, seier Nybø.

I revidert langtidsplan for forsking og høgare utdanning for dei neste fire åra har regjeringa sett av 250 millionar som skal brukast til å styrke kvalitet i utdanning. Det er det nye direktoratet i Bergen, Diku, som skal administrere og dele ut pengar til mellom anna miljø som søker om få bli framifrå senter. På årets statsbudsjett er det sett av 25 millionar til nye senter for framifrå utdanning som Diku skal dele ut.

Merittering: – Fører til samarbeid

Statsråden har fått med seg debatten i På Høyden om dei nye meriteringsordningane for framifrå undervisarar ved UiB.

Ein av dei som har stilt seg kritisk til ordninga er førsteamanuensis ved UiB, Jan Reinert Karlsen, som er prisløna for undervisninga si, og meiner fokuset på konkurranse og prestisje ikkje er vegen å gå for å gjere undervisninga betre.

«Det ligg eit menneskesyn under desse tiltaka, med ei sterk tru på effekten av gulrot og pisk. Eg trur vi står i fare for miste andre viktige verdiar på universitetet av syne, som verdien av fellesskap, formidlingsglød, trua på at ein gjer noko som kjem samfunnet – ikkje berre ein sjølv – til gode», sa Karlsen til På Høyden.

– Eg skal ikkje blande meg i universiteta sine eigne meritteringsordningar. Men eg opplever at det tvert om er poenget å tenke meir kollegium, fellesskap, bottom up, der studentane er med og utviklar undervisninga. Det er litt som på forskingssida, konseptet er jo samarbeid, seier Nybø.

Liknar på Forskningsrådet

Diku, som elles har internasjonalisering som si hovudoppgåve, får no i tillegg ei rolle som liknar på det Forskningsrådet har for forskarar. Dei blir faginstansen som skal vurdere kven som fortener framifrå-millionane.

– Det er jo ikkje nødvendigvis politikarane som finn dei beste prosjekta, så vi gir forskingsmidlar til Forskingsrådet, som igjen deler ut pengar til dei fagleg sett beste prosjekta. Slik blir det på undervisningssida også, seier Nybø.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed