Norce tok fatt på det store gruppearbeidet

Publisert:1. oktober 2018Oppdatert:1. oktober 2018, 12:37
Avdelingsdirektør Ingvild Eide Graff diskuterer med medarbeidarar under opningsfesten for Norce måndag. Foto: Njord V. Svendsen

Kva er det viktigaste for deg, spurte direktør for Norce, Elisabeth Maråk Støle, – og fekk svar som «fridom», «bottom up, not top down» og «inntjening».

No er den store paraplyen formelt slått opp: 1. oktober feira det nye forskingsinstituttet og -selskapet Norce oppstarten med bollar, og alle som ville ha, fekk ein blå ballong. Ein ikkje heilt liten flik av dei 900 tilsette fekk utdelt skjorter med den nye logoen, og dei fekk høyre Norce-direktøren skryte av dei.  

– Dette kan vi, sa Elisabeth Maråk Støle – og det ho snakka om var heile spekteret: grunnforsking, anvendt forsking, kommersialisering og innovasjon. Dette er det den nye forskingsgiganten skal drive med og «dette treng samfunnet meir enn nokon gong», ifølge direktøren.

Det Norce også må få til er å samle og skape organisasjonen.

På plass før nyttår

Med i fusjonen er så langt fem forskingsinstitutt og fem dotterselskap, som skal forske innan felta energi, helse, klima, samfunn og teknologi. Framleis venter mange på kor dei skal sitje, kven som blir sjefen og kva rolle dei eigentleg skal ha i den nye organisasjonen. Ja, ikkje alle sjefar veit heilt, heller, kva slags sjef dei skal vere.

– Før nyttår skal det vere på plass, lova direktøren.

Ho nytta talen til å spørje dei tilsette som hadde møtt opp på markeringa:

– Kva er det viktigaste for deg?

Eit intensivt gruppearbeid seinare var eit hundretals post it-lappar klistra på veggen bak Støles talarstol.

«Speak English»

«Sterk kultur for maksimal innflytelse», «speak English», «respektere og lytte til andre faggrupper enn den du tilhører», «bottom up, not top down», «god og engasjert leder som lytter til medarbeiderne» – og to meir kortfatta versjonar: «Fridom» og «Inntjening», var blant meldingane som kom opp på veggen.

Norce får ny leiargruppe og vert delt i seks avdelingar. Dei ulike direktørane er tilsett, men mellomleiarane skal på plass etter nyttår. Mange av desse stillingane skal lysast ut internt.

Ein del av tanken bak Norce er å bli stor nok til å kunne konkurrere om kommersielle forskingsoppdrag med Sintef.

– Sintef er både ein viktig samarbeidspartnar og ein stor konkurrent, har Maråk Støle sagt til På Høyden. Selskapet er eigd av Universitetet i Bergen (51 prosent), Stavanger Research Holding, Agder Research Holding AS og Stiftelsen Unifob.

Hovudkontoret blir i Nygårsdagen i Bergen, med avdelingar i Kristiansand, Grimstad, Stavanger, Haugesund og Oslo.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed