Merittering: – Bør sleppe å gjere seg lekre for systemet

Publisert:2. oktober 2018Oppdatert:2. oktober 2018, 23:37
- Eg trur vi står i fare for miste viktige verdiar på universitetet av syne, seier Jan Reinert Karlsen. Her frå ein tverrfagleg samtale tidligere i haust med journalist og forfattar Anne Karin Sæther (til venstre) og franskprofessor Kjersti Fløttum. Foto: Tor Olav Iversen

Merittering bidrar til eit vanvitig byråkrati og fører til kunstig konkurranse i sektoren, meiner førsteamanuensis Jan Reinert Karlsen.

Han var ein av tre frå Universitetet i Bergen (UiB) som nådde finalen i Morgenbladets kåring av «ti fantastiske formidlere» i 2016. I 2011 vart han tildelt UiBs læringsmiljøpris (saman med Roger Strand). Førsteamanuensis ved Senter for vitskapsteori, Jan Reinert Karlsen, brenn for god undervisning.

Men han ser med uro på innføring av meritteringsmodellar for undervisarar som no er undervegs.

Tillit og tryggleik i jobben

– I staden for å bruke store ressursar på å måle og evaluere tilsette, burde pengane heller gå til å sikre faste stillingar. Det finst ein kø av dyktige og motiverte forskarar på universitetet, som både har enormt med undervisningserfaring, gode idear og som ivrar for å gjennomføre dei. Men det får dei ikkje, seier Karlsen.

Problemet er, meiner han, at ein som stipendiat og post.doc. har lite rom til å frigjere denne ressursen for studentane og universitetet.

Dette handlar grunnleggande sett om kva universitetet bør vere, eller ikkje vere.

– Det handlar om å ha tillit og tryggleik i jobben til å tore og prøve ut ting. Eg prøver sjølv ut nye former for undervisning, av og til slår det feil. Det å prøve å feile er avgjerande, men rommet for å feile er ikkje stort for ein stipendiat. Forskarane bør sleppe å springe etter stillingar og gjere seg lekre for systemet, seier Karlsen.

Om lag ein av fire forskarar og undervisarar ved UiB er i dag på mellombelse kontraktar.

Flink utan å skåre?

UiB og det Matematisk-naturvitskapelege fakultet (mat.nat.) var først ute, etter at regjeringa la fram krav om meritteringsordningar i den såkalla kvalitetsmeldinga, «Kultur for kvalitet i høyere utdanning» i januar 2017. På mat.nat. har fem undervisarar i eit år hatt «den pedagogiske kompetansegraden Fremragede underviser». No er fakultetet klar for runde to.

Ved Det samfunnsvitskapelege fakultet (SV) vil dei fast tilsette om få veker kunne søke om å bli merittert. På Det humanistiske fakultet (HF) ligg også mellombels tilsette an til å kunne få søke.

Kriteria som både SV og mat.nat. brukar for å tre undervisarar gjennom nålauget, har fått kritikk frå fleire hald. I høyringsrunden på SV-fakultetet meinte Institutt for økonomi at ein fint kan vere ein flink undervisar og samstundes ikkje skåre på kriteria i meritteringsmodellen, som fekk kritikk for å vere for prosessorienterte og lite målbare.

«Vi stiller oss tvilende til om de kriteriene som foreslås griper det som virkelig skiller god undervisning fra mindre god undervisning», skreiv instituttet.

– Aarebrot var utvilsamt ein glitrande forelesar, men det er tvilsamt om kriteria for framgang og prosess treffer slike som han, uttalte instituttleiar Kjell Vaage til På Høyden.

I eit debattinnlegg i På Høyden stiller organisasjonstillitsvald i Utdanningsforbundet i Bergen, Roar Ulvestad seg kritisk til merittering, og hevdar «undervisning og formidling i svært liten grad blir belønnet i dagen system».  

Kritikken har blitt imøtegått av stipendiat Torstein Nielsen Hole ved bioCEED, som tok initiativet til merittering på mat.nat.

Jan Reinert Karlsen er ikkje berre kritisk til kriteria – han meiner heile ordninga er del av ei langt djupare – og urovekkande utvikling i universitets- og høgskulesektoren.

Vanvitig byråkrati

– Det ligg eit menneskesyn under desse tiltaka, med ei sterk tru på effekten av gulrot og pisk. Eg trur vi står i fare for miste andre viktige verdiar på universitetet av syne, som verdien av fellesskap, formidlingsglød, trua på at ein gjer noko som kjem samfunnet – ikkje berre ein sjølv – til gode. Dette er ikkje akkurat ein ny kritikk, men dessverre endå meir aktuell, seier Karlsen.

Han peikar i retning tellekantsystemet og tendensen til å skulle bli målt etter stadig fleire – oftast kvantitative – indikatorar.

– Utgangspunktet for tellekantsystemet var jo å få ein viss oversikt over kva som vart publisert i forskinga. Men når ein bygger på med incentiv for å publisere flest mogleg artiklar når ein etter kvart eit punkt der talet på publikasjonar blir eit mål i seg sjølv. Det blir skapt ein etterspurnad etter fleire kanalar som senkar kvaliteten, i staden for å styrke den, seier Karlsen.

Dei individualiserte meritteringsordningane er eit nytt tannhjul i dette drivverket, ifølgje Karlsen.  Han meiner vi ser ei dreiing av institusjonane, der stadig meir av verksemda skal gi utteljing etter måling, evaluering og rapportering.

–  Det går mykje tid til dette, og det bygger opp eit vanvitig byråkrati som må bruke store ressursar for å overvake og skape kunstig konkurranse i sektoren. Ressursane burde i staden gå til faste stillingar for unge forskarar som no lever utrygge liv med mellombelse stillingar. Fleire forskingskompetente undervisarar kan heve undervisningskvaliteten langt meir enn det ein får til med å overvake sektoren gjennom pseudovitskapelege indikatorar og analysar. Dette handlar grunnleggande sett om kva universitetet bør vere, eller ikkje vere.

Avhengig av fellesskap

Kva skal så til for å bli ein god undervisar?

– Det handlar om å sjå kvart enkelt menneske, og dei kan vere svært forskjellige. Du står ikkje overfor ein masse. Ein god undervisar kan sjå noko i studentane som dei ikkje ser sjølv, utfordre dei på måtar som skaper tryggleik til å reflektere over kunnskapen, seier Karlsen.

Incentiv er ikkje gale i seg sjølv, understrekar vitskapsteoretikaren, men dei må brukast med måte.

– Løn og prestisje er ikkje uviktig. Men eg kjenner ingen som begynte å undervise fordi dei skulle tene mykje pengar. Eg har tru på at folk gjer jobben fordi det er fagleg interessant.

Karlsen meiner god undervisning er avhengig av å kunne skape gode kollegium og fellesskap.

– Tenk om ein kunne ha ressursar til å ha regelmessige lærarmøter, kanskje vere fleire undervisarar saman for å kunne gi tilbakemeldingar, kunne skape ein kultur for å prøve ut nye ting utan frykt for å feile. Når prestisjefaktoren blir for høg, skaper det nettopp ein fare for at ein blir redd for å gjere feil. All ære til dei som jobbar for å bli meritterte gjennom ordningane. Men eg trur ikkje merittering er svaret på spørsmålet om korleis vi kan gjere undervisninga betre.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed