Meir pengar til vidareutdanning

Publisert:8. oktober 2018Oppdatert:8. oktober 2018, 12:56
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen var i Bergen for å presentera framlegget til statsbudsjett for 2019. Foto: Tor Farstad

Vidareutdanning og teknologi er to av områda som får meir pengar neste år.

Vidareutdanning i digital kompetanse er eitt av felta som er prioritert i statsbudsjettet for 2019. Dette kjem fram i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. Det er sett av 37 millionar kroner som skal brukast til å utvikla fleksible vidareutdanningstilbod i digital kompetanse. Desse tilbode skal utviklast saman med mellom anna høgskular, universitet og næringsliv.

Finansminister Siv Jensen legg no fram forslaget til statsbudsjett i Stortinget.

Noko av det som vart offentleggjort i dag, har vore kjent ei stund. Statsråd Iselin Nybø twitra om eit teknologiløft til 1,5 milliardar dei neste fire åra, med mellom anna pengar til studieplassar i teknologi. Staten skal òg bidra til fornying og omstilling i næringslivet. Målet er at dette skal kunne løysa ut meir private forskingsmidlar. I tillegg er det lagt inn pengar for å styrka kvaliteten i høgare utdanning.

Regjeringa planlegg å bruka 231,2 milliardar oljepengar i 2019. Dette er 2,7 prosent av oljefondet, skriv E24.

På Høyden kjem attende med meir om Statsbudsjettet.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed