Kvinneleg UiB-student omkom i Sør-Afrika

Publisert:2. oktober 2018Oppdatert:3. oktober 2018, 09:11
Ein student frå Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet omkom i Sør-Afrika måndag. Foto: Tor H. Monsen

Det var Vilde Marie Aaderaa frå Bergen som omkom natt til måndag i ei bilulukke i Sør-Afrika.

I ei pressemelding går UiB ut med namnet på studenten som omkom i ei bilulukke i Sør-Afrika måndag: Det var Vilde Marie Aanderaa frå Bergen som omkom. To andre studentar frå UiB vart skadde i ulukka. Dei skal ikkje vera kritisk skadde, men vert tatt vare på av helsepersonell. Det skreiv UiB i ei pressemelding.

– Studentane var på utveksling, sa dekan Helge Dahle til På Høyden måndag føremiddag.

Han sa at Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet kjem til å senda ein representant til Sør-Afrika for å bistå både familie og dei to skadde studentane. Tysdag vart det arrangert eit informasjonsmøte for studentar ved fakultetet.

– Den første meldinga me fekk, ga inntrykk at det var ein student som var involvert i ulukka, og at vedkomande var lettare skada. Men så kom meldinga om at ein var omkomen, og fleire involvert. Ei slik melding går sjølvsagt sterkt innpå ein, seier dekanen.

Utanriksdepartementet stadfestar ifølgje pressemeldinga at familien til den omkomne studenten er varsla, og at dei òg har vore i kontakt med familien til dei to andre studentane.

Dei tre studentane var på utveksling til The Cape Academy of Maths, Science & Technology (CAMST) i Cape Town, og gjekk på lektorprogrammet i naturvitskap og matematikk. UiB skriv i ei pressemelding måndag kveld at dei kvart år sidan 2008 har hatt studentar i praksis ved CAMST. Tre-fire stdentar har reist dit kvart år. Totalt er det ti UiB-studentar i Sør-Afrika.

Jørgen Clemmensen-Fløholm er landsleiar for Ansa (Association of Norwegian Students Abroad) i Sør-Afrika. Han seier til Bergens Tidende at han fekk vite om ulukka under ein lunsj med ambassaden måndag.

– Det er eit lite studentmiljø i Cape Town og dette er fryktelig trist, seier Ansa-leiaren.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed