Ingen nye stillingar til HVL

Publisert:8. oktober 2018Oppdatert:8. oktober 2018, 14:55
HVL-rektor Berit Rokne tok imot statsminister Erna Solberg då HVL vart eitt i januar 2017. No hadde Rokne ønska seg fleire stillingar og meir pengar frå Solberg og hennar partnarar i regjeringa. Foto: Christian Blom

Høgskulen på Vestlandet hadde ønska seg nye stipendiatstillingar. Det får dei ikkje.

Ingen nye studieplassar og heller ingen nye stipendiatstillingar. Det er resultatet for Høgskulen på Vestlandet etter at forslaget til statsbudsjett vart lagt fram i dag.

– Me hadde ønskja oss dette, særleg rekrutteringsstillingar, men det må me berre konstatera at me ikkje har fått, seier HVL-rektor Berit Rokne i ei pressemelding.

Ho seier at HVL sitt mål er å verta eit universitet med ein profesjonsretta og arbeidslivsretta profil.

UiB sitt budsjett for 2019 vert 3,6 milliardar kroner. HVL sitt vert knappe to, nærare bestemt 1, 997 milliard kroner. Men som UiB opplever høgskulen av ein aukar inntektene som kjem etter gode resultat.

Ein annan budsjettpost minkar. Det er framleis sett av ein sum pengar til institusjonane som har fusjonert, men det ligg an til berre 15 millionar kroner i 2019. I 2018 var talet 145 millionar. Rokne seier i pressemeldinga at HVL framleis treng såkalla SAKS-midlar.

– Me er framleis ein institusjon som er i ein oppbyggingsfase, og me treng midlar for å bygga ein god organisasjon, seier Rokne i pressemeldinga.

Regjeringa legg opp til fleire studieplassar i barnehagelærarutdanninga og meir pengar til vidareutdanninga for lærarar. Dette er Rokne glad for, seier ho.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed