– Historia ser annleis ut i Bergen enn i Beijing

Publisert:10. oktober 2018Oppdatert:10. oktober 2018, 06:00
Camilla Brautaset har mellom anna skrive om det første statsbesøket i Noreg i 1906, som kom frå Kina. Denne veka reiser ein norsk delegasjon Kina på det første statsbesøket på 21 år. - Om vi skal komme forbi stereotypiane, må vi ha dialog, seier Brautaset. Foto: Njord V. Svendsen

Vi snakkar ofte om kinesarane i stereotypiar, meiner historikar Camilla Brautaset. Med ei ny bok om nordmenns møter med Kina håper ho å bidra til å bryte dei ned.

Høyrt om William Coucheron-Aamot (1868-1948)?

Ein kald vinterdag i 1892 sit han og pratar med språklæraren sin over ein kopp te i handelsbyen Yichang, då ein fotograf, truleg på oppdrag for nordmannen, forevigar dei to. 126 år seinare er bildet på omslaget av boka Møter med Kina. Norsk diplomati, næringsliv og misjon 1890-1937, ført i pennen av mellom anna historikar ved Universitetet i Bergen, Camilla Brautaset.

Norske forbindelsar til Kina er slett ikkje noko nytt.

Sidan 1800-talet har utenriksstasjonane vore promotørar av norske kultur- og eksportinteresser. Alt i 1847 signerte Sverige-Noreg som ein av dei første vestlege statane den første traktaten med Qing-dynastiet, som på den tida styrte Kina.

– Frå 1890-talet bidrog skipsfart og misjon til at nordmenns kontakt med Kina vart markant utvida, seier Brautaset.

Då den norske marineoffiseren Coucheron-Aamot overvintra med kryssaren og tollbåten Ling Feng var han ein av fleire hundre nordmenn som i tiåra kring hundreårsskiftet reiste til, budde i eller emigrerte til Kina.

Historie er «Kinas religion»

– Historia ser annleis ut i Bergen enn Beijing. For oss som er her er det viktig å vere klar over. For å forstå Kina er det avgjerande å kjenne historia, men også korleis historia kan bli oppfatta heilt ulikt i Kina og Noreg, seier Brautaset.

I Kina er historia særskilt tett knytt til identitetsbygging– til kva det er å vere kinesar. Det er ein av fleire viktige nøklar for å forstå Kina, også korleis Kina som stat handlar i dag, meiner historieprofessoren.

– Kina er mangfaldig, og det å forstå Kina handlar om mange ting. Men heilt sentralt er det å forstå korleis sjølvoppfatninga er vevd inn i historieoppfatninga. Bruk av historie til politiske føremål er sjølvsagt ikkje unikt for Kina. Men det er ikkje utan grunn at historie er blitt kalla «Kinas religion».

Vår rolle som historikarar er å forstå og forklare, ikkje å dømme

I eit kapittel om diplomatiske relasjonar mellom Noreg og Kina i tida frå 1850-1940 skriv Brautaset om korleis kinesisk historie, kultur og samfunn hadde ein større plass i den norske samfunnsdebatten for hundre år sidan enn i dag. Då Liu Xiaobo vart tildelt Nobels fredspris i 2010 vart vekta lagt på korleis Kina reagerte langt meir enn korfor og korleis.

– Det offentlege ordskiftet om Kina er prega av stereotypiar. Kina er ikkje ein stat som reagerer vilkårleg. Handlingsmønstra gir meining utifrå ei oppfatning av røyndomen og utifrå ei historieforståing. Derfor er det viktig at forskarar blir ein del av ordskiftet, seier ho.

Når ho forskar på historia, forskar ho ikkje berre på korleis historia utspelar seg – men også på korleis menneske oppfattar historia ulikt. Norsk og kinesisk moderne historie har fundamentalt ulike utgangspunkt:

– Viktig å forstå Kinas reaksjon

Noreg på 1800-talet er ei forteljing om framsteg, med Grunnlova av 1814, nasjonalt sjølvstende, demokratisering og internasjonal ekspansjon. Kina er tilbakegang, konfliktar og audmjukingar etter den første opiumksrigen mellom Storbritannina og Qingdynastiet.

Audmjukingane var det vestlege makter som stod for. Traktatar som skulle sikre tilgang til kinesiske marknader innskrenka juridiske og økonomiske rettar for kinesarane i eige land. I tillegg vart kinesiske migrantar diskriminert i dei same landa som tok store privilegium i Kina. I USA var The Chinese Exclusion Act i praksis gjeldande frå 1882 heilt fram til 1943.

Dette har etsa seg inn i det kinesiske identiteten.

I dei store linjene har enkeltmenneska lett for å forsvinne

Frå 1915 vart «Den nasjonal audmjukingsdagen» uoffisiell fridag i Kina. På 1980- og 1990-talet vart forteljinga om systematisk audmjuking vevd inn ein statleg retorikk om å vinne tilbake Kinas ære og storheit. Vekta vart flytta frå «seierherrenes fortelling til en fortelling om hvordan det kinesiske folket hadde vært offer for ydmykende handlinger fra andre land».

– Denne bakgrunnen er viktig for å forstå Kinas reaksjon på fredspristildelinga i 2010. Audmjukingane står heilt sentralt i kinesarane si historieforståing. For dei var dette eit ekko frå ei tid då Kina ikkje var herre i eige hus, seier Brautaset.

Dette er også grunnleggande kunnskap å ha med seg for å kunne samarbeide med Kina, meiner ho.

– Vi skal vere kritiske. Men vår rolle som historikarar er å forstå og forklare, ikkje å dømme. Om vi skal komme forbi stereotypiane, må vi ha dialog. Historiene i boka viser kor viktig interaksjon mellom menneske er, seier Brautaset.

Forteljingar om menneske

I boka er det først og fremst forteljingar om menneske, meir enn tal og strukturar, som står i sentrum.

Her finst historia om Anna Jakobsen frå Kristiansand som i 1898 vart den første, kjente vestlege kvinna som gifta seg med ein kinesar i Kina. Her er soga om den norske generalkonsulen i Shanghai, Nicolai Aall, og hans sterke sosiale engasjement både for nordmenn som fall utanfor og for krigsramma kinesarar.

Den  historiske oppfatninga av nordmenns møter med Kina i perioden mellom 1890-1937 er prega av helteforteljingar frå tidlegare tider, misjonærar og vellykka menn i næringsliv, diplomati eller militæret, ifølgje forfattarane. Ei av desse handlar om Johan Wilhelm Norman Munthe (1864-1931), mannen bak Kinasamlingen ved KODE i Bergen. I den nye boka kastar russiske, franske, engelske og kinesiske kjelder nytt lys, som nyanserer helteforteljingane.

– I dei store linjene har enkeltmenneska lett for å forsvinne. Vi ønskjer å fortelje historier om menneske som levde sine transnasjonale liv. Det vanlege, når vi tenker på den fasen vi tar for oss, er å tenke på den norske bonden som emigrerte til USA. Men migrasjon handla om mykje meir, om mange ulike menneske som drog ulike stader, seier Brautaset.

Kimen til å forstå oss sjølve ligg i møtet med dei andre, meiner ho.

– Mange kom tilbake, drog igjen, og slik reiste også kunnskap og idear. Også kvinner og barn, ikkje berre mannlege heltar, tok del i desse reisene. Det er slik for oss i dag også – at når vi dreg til fjerne stader lærer vi om staden, men kanskje i like stor grad lærer vi å forstå oss sjølve i ein større samanheng.

5200 foredrag

William Coucheron-Aamot drakk ofte te med sin venn og språklærar, He Chaoqun, den vinteren i 1892. Då han tre år seinare kom heim til Noreg tok han med seg både bildet, diskusjonane, opplevingane og møta med menneske i Kina. Han skal ha halde 5200 foredrag om Kina kringom i Noreg.

I 1895 kom Gjennem de Gules Land og Krigen i Østasien ut, eit journalistisk verk over 500 sider som fekk stor merksemd i samtida. Utanom misjonslitteraturen var dette den einaste forfattarskildringa av Kina som var tilgjengeleg i Noreg. I boka teiknar Coucheron-Aamot eit bilde av Kina og kinesarar som gjekk på tvers av dei mange stereotype oppfatningane folk hadde. I staden for «skittent og bakstreversk», vart landet framstilt som sivilisert og rasjonelt.

Coucheron-Aamot har fått sluttkapittelet i Kina-boka som Brautaset og medforfattarane hennar no gir ut.

– Coucheron-Aamot var, som vi har vore i vår bok, opptatt av å forstå, seier ho.

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed