Vil ha gravande journalistikk ut i lokalavisene

Publisert:19. september 2018Oppdatert:19. september 2018, 13:20
Senterleiar Per Christian Magnus og reportasjeleiar Kristine Holmelid ønskjer at Senter for undersøkande journalistikk skal bidra til å styrka kompetansen utanfor Oslo-gryta. Foto: Hilde Kristin Strand

Når Senter for undersøkande journalistikk no formelt har opna, ønskjer senterleiinga særleg å få dei mindre redaksjonane med på laget.

Tysfjord-saka. Tidal-avsløringa. Panama papers. Dette er døme på store, viktige, undersøkande, journalistiske saker som har vorte publisert det siste året. Men undersøkande journalistikk er meir enn dette.

– For ei lokalavis kan eit graveprosjekt til dømes strekkja seg over to veker. Men det kan vera utfordrande nok å få til. No kan journalistane søkja midlar hos oss, slik at heimeredaksjonen kan henta inn vikar medan ein av journalistane jobbar med eit større prosjekt.

Det seier Kristine Holmelid. Ho er mangeårig journalist og reportasjeleiar i Bergens Tidende, og no nytilsett som reportasjeleiar ved Senter for undersøkande journalistikk. Senteret opna formelt onsdag, med mange medietoppar samla.

Motarbeiding frå fleire kantar

– Den samfunnsviktige journalistikken er sjølve kjernen i dagens journalistikk. Det er ein del av infrastrukturen i eit fritt, ope, sjølvkritisk samfunn. Det sa Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås i si opningshelsing. Fritt Ord er ein av bidragsytarane til senteret.

Åmås peika på at det er fleire sterke krefter enn før som motarbeider denne journalistikken: Innsynspraksis i stat og kommunar, sterke kommersielle aktørar som vil leia og styra, politiske organisasjonar med eigne agendaer.

– Det beste som vert laga er betre enn nokon gong. Men det er ressurskrevjande, sa Åmås.

Han drog fram Tysfjord-saka, som avdekka systematiske seksuelle overgrep i eit lulesamisk miljø over ein periode på over 60 år. Fire journalistar; to frilansarar og to frå VG, jobba med denne saka i to år. Resultat: 151 saker, 82 fornærma. Dei første sakene har no vore oppe i retten.

– Undersøkjande journalistikk er tungt, kjedeleg, slitsomt og vanskeleg. Det har vorte vanskelegare dei siste åra, og òg farlegare, sa VG-redaktør Gard Steiro, og fortalde at han fire gongar så langt i år har vore i kontakt med politiet i samband med å beskytta vitne.

Men det er, trass alt, forholdsvis fredeleg i Noreg. Nils Hanson, som har leia Uppdrag Granskning i Sverige i mange år, fortalde om då han var på ein internasjonal konferanse med prisutdeling. Då hovudprisen vart delt ut, kom ingen fram til scena. Det viste seg at prisvinnaren var kvinna som sat på same bord som Hanson – ein kvinneleg journalist frå Syria. Men å visa seg på scena torde ho ikkje, det ville vera det same som ein dødsdom.

– Eg spurte kvifor ho gjorde dette. «I want democracy», kviskra ho, fortalde Hanson.

Inga redaktørrolle

Senter for undersøkande journalistikk er heimehøyrande ved Institutt for informasjons og medievitskap ved UiB. Det byggjer på fire søyler: Produksjon, kurs og kompetanse, nettverk og forsking. Hit kan journalistar koma for korte eller lengare periodar og jobba med gravande prosjekt. Men senteret har ikkje noka redaktørrolle, det er det dei einskilde redaksjonane som skal ha, understrekar senterleiar Per Christian Magnus til På Høyden.

– Når det gjeld dei mindre redaksjonane, har me hatt eit godt samarbeid med Landslaget for lokalaviser. Eg har rett og slett tenkt å reisa rundt og fortelja om kva me kan tilby. I tillegg tenkjer me at det er mogleg å utvikla nokre prosjekt som kan gjennomførast i ulike redaksjonar. Me håpar òg å laga datasett som kan nyttast av mange, seier han.

Senteret har allereie sju masterstudentar i undesøkande journalistikk, og frå nyttår kjem det i tillegg to stipendiatar. Det betyr at det er eit ganske stort redaksjonelt miljø i sving.

– Vår oppgåve er å vera eit sørvisapparat og tilby reportasjeleiing. Det er ikkje viktig at den vanlelge mannen i gata veit om dette senteret, men norske journalistar skal vita om det, sa Magnus under opningsarrangementet.

Fødselshjelpar

Magnus er mangeårig journalist i både NRK og TV2, og har mellom anna samarbeidd tett med UiB-professor Terje Tvedt. Nettopp samarbeidet – og samlokaliseringa – med akademia vert trekt fram som viktig.

– Dette er ein stor dag. Me får vera fødselshjelpar for ein nyskaping i det norske journalistiske landskapet, sa instituttleiar Leif Ove Larsen, som har jobba med senterideen dei siste par åra. Det finst fleire liknande senter i USA og Storbritannia, men UiB-senteret er det første i sitt slag i Skandinavia.

– Dette er eit ektefødd barn av kunnskapsklynga Media City Bergen. Det første me gjorde, var å tenkja nytt kring utdanningane våre. Då kom ideen om eit slikt senter òg. Dette er skjeringsflata mellom akademia og journalistikk, sa Larsen.

Steiro peika på at Tidal-saka, der det vart avdekka at strøymetenesta hadde manipulert lyttartala, vart til i samarbeid mellom NTNU-forskarar og journalistar i Dagens Næringsliv.

– Det er ikkje så lenge sidan omgrepet «fake news» ikkje ga meining. Kvifor er det slik i dag? Og er omgrepet «sanning» noko personleg? Det er utfordrande for journaslitar, men det er òg utfordrande for forskarar. Det undersøkjande og sanningssøkjande er øvst på lista, både for journalistar og akademia, sa UiB-rektor Dag Rune Olsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed