Sjå alle bileta frå Forskar Grand Prix

Publisert:27. september 2018Oppdatert:27. september 2018, 15:00

Ein blå Putin, val-sms og glitrande bukser var berre noko av det publikum fekk sjå og høyra om under finalen i Forskar Grand Prix.

Kva har ein blå Putin, ei kanadagås, Donald Trump, ein Jesus-statue og ein kinesisk vase felles? Vel, i utgangspunktet neppe veldig mykje. Men i eit minnepalass kan desse fem gjenstandane rett og slett vera visuelle assosiasjonar for dei fem største landa i verda: Russland, Canada, USA, Brasil og Kina.

Slik opna årets Forskar Grand Prix-finale i Bergen: Med eit besøk inn i ein annan røyndom. Første forskar ut var nemleg Joakim Vindenes frå Institutt for informasjon og medievitskap ved UiB. Han forskar på om ein kan auka hugsen ved hjelp av VR-teknologi.

Ingen i Borat-drakt

I Forskar Grand Prix går deltakarane utanfor si eiga komfortsone. Dei er stipendiatar, og forskinga dei har brukt fleire år på skal kokast ned til ein presentasjon på fire minutt. Dei tre som vert plukka ut som finalistar, får fire minutt til der dei kan gå litt djupare inn i forskingsprosjektet sitt.

Dommarpanelet Siri Kleiven Strøm frå TV2, Sverre Breivik frå Den nasjonale scene og Ingvil Brügger Budal, førsteamanuensis frå NLA, ga poeng i beste Skal vi danse-stil. Men her var det ingen Borat-kostyme og heller ingen dårlege karakterar å sjå.

Kveldens første seksar gjekk til Siri Flagestand Kvalheim frå Institutt for klinisk odontologi ved UiB. Ho forskar på munnstell hos alvorleg sjuke, og fanga publikum med ei personleg historie om si eiga venninne som døydde av kreft. Alvorleg sjuke vert ofte svært tørre i munnen, så tørre at det vil oppstå sprekkar. Men i dag finst det inga behandling for dette.

– Me skal gjennomføra ein klinisk studie på døyande. Det er sjeldan at det vert gjort, men me har fått lov, sa Kvalheim.

Ho fekk kveldens første seksar frå dommarpanelet

SMS verka

– Eg fekk tekstmeldinga. Og eg vart irritert!

Det sa Ingvil Brügger Budal til Ole-Andreas Elvik Næss frå NHH. Han forskar på kva som må til for at fleire skal nytta stemmeretten sin, og hadde eit svært konkret døme på visa til: Under stortingsvalet i fjor vart det sendt ut to ulike tekstmeldinar til innbyggjarar i Bergen, med ei klår oppmoding om å bruka stemmeretten sin. Og ja, dette verka, viser tala.

– Nokre stemmer alltid, og nokre stemmer aldri. Men kan små, enkle tiltak, såkalla «dulting», få nokre av dei som ikkje har bestemt seg for om dei vil nytta stemmeretten eller ikkje, til å gå til stemmelokalet, spurte Næss.

Nokre deltakarar nytta ulike rekvisittar, andre ikkje. Marte Bygstad-Landro frå VID Vitenskapelige høgskole, som vart kåra som vinnar, gjekk på scena utan noko anna enn seg sjølv.

– Skam tek liv, sa ho mellom anna.

– Eg synest bodskapen er sterk nok i seg sjølv, sa ho til På Høyden etter at sigeren var i boks.

Bygstad-Landro forskar på skam, særleg skam knytt til depresjon. Ho vart løna med seksar frå dommarpanelet i både første og andre runde.

Sølvbukser

Dommarane ga sine poeng, og resten av poenga kom gjennom publikum sine mentometerknappar. Det var tydeleg at deltakarane hadde tilhengjarar i salen, nokre stilte til og med med plakatar.

Dommarane skulle sjå på både korleis deltakarane tedde seg på scena, på formidlingstalentet og på forskingsinnhaldet.

Frida Johanne Lundevall frå Kjemisk Institutt ved UiB forskar på sølvmolekyl som behandling av kreft. Ho både laga sølv på scena og viste ulike organiske molekyl som ein kan festa eit sølvmolekyl på. Det har vist seg at slike koplingar er svært giftige for kreftmolekyl – men vegen fram til eit nytt legemiddel er framleis lang.  

Litt usakleg er det lov å vera i ein slik konkurranse. Lundevall stilte nemleg i sølvbukser på scena, og fekk kommentarar frå dommarane på at det var kult med eit så gjennomført antrekk.

– Eg hadde faktisk buksene i skapet frå før, kjøpt inn til eit julebord for eit par år sidan, sa Lundevall til På Høyden etter at ho fekk vita at ho vart nummer to i bergensfinalen, og difor må gjera seg klar til tur til Tromsø i helga.

Buksene vert med.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed